Hopp til innhold

Over 189.000 har tatt influensavaksinen: – Er berre så vidt kommen i gang

Sjølv om influensasesongen så vidt er i gang, har nesten 200.000 alt tatt influensavaksinen. Det er om lag 9 prosent av dei tilgjengelege dosane.

Grethe Liavåg

Apoteker Grethe Liavåg har satt mange vaksiner sidan apoteket fekk inn sprøytene seint førre veke.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Apoteker Grethe Liavåg har satt mange vaksiner sidan apoteket fekk inn sprøytene seint førre veke.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Denne hausten har den vanlege forkjølinga kome attende. No står influensaen på trappene.

Og Folkehelseinstituttet trur vi går inn i ein ekstra stygg sesong denne vinteren.

Men noko vi alle er blitt svært godt kjend med i det siste kan vere til hjelp: vaksinar.

Så langt er det sett 189.000 vaksinedosar i Noreg, viser tal frå Folkehelseinstituttet (FHI). Og tal NRK har henta inn, viser at fleire allereie har tatt vaksine eller bestilt vaksinetime på apoteka dei kommande vekene.

Influensavaksine
Foto: Tomine Walmsness / NRK

Telefon, bestillingar og drop-in

Hos Vitusapotek på Madla i Stavanger merkar dei godt at mange vil ha vaksine mot sesonginfluensa.

– Vi får førespurnadar på telefon, og det er timebestillingar i systemet. I tillegg kan folk komme innom apoteket, seier Grethe Liavåg.

Grethe Liavåg

Apotekar Grethe Liavåg.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Ei vaksine på apoteket må du betale for sjølv. Før dei set ei vaksine på apoteket til Liavåg, informerer dei personar som er i risikogruppa om at dei kan få vaksinen gratis hos fastlegen.

Ein må og svare på nokre helserelaterte spørsmål, ikkje ulike dei vi alle svarte på før vi blei vaksinerte mot covid-19.

– Viss du tilfredsstiller kriteria, ordnar vi alltid ei vaksine til deg, legg ho til.

Ikkje redd for å gå tom

Ikkje alle behøver å ta vaksine mot sesonginfluensa. Personar over 65, mange gravide, personar med kroniske sjukdommar og helsepersonell med pasientkontakt er blant dei som blir tilrådde vaksine, ifølgje FHI (ekstern lenke).

Mange arbeidsplassar har tilbode vaksine mot sesonginfluensa gratis til dei tilsette. I tillegg tyder tala NRK har henta inn frå apoteka på at det er fleire enn dei i risikogruppene som vil ha vaksine.

– Det er bestilt inn 1,8 millionar dosar for dei i målgruppene, men det er også om lag ein halv million dosar tilgjengeleg på apoteka til dei som er utanom målgruppene, seier Kjersti Rydland, seniorrådgivar i FHI.

Kjersti Rydland, seniorrådgiver i FHI

Kjersti Rydland, seniorrådgivar i FHI, er ikkje redd for at det vil bli tomt for dosar.

Foto: FHI

Dei er førebudd på at fleire enn dei i risikogruppene ønskjer å ta vaksinen. Men har sikra seg nok dosar til dei i som trenger han.

– Vi har kjøpt inn nok til alle i risikogruppene og de aller fleste helsepersonell. Faren for at det går tomt bør dermed vere ganske liten, seier ho.

Og sjølv om FHI ikkje tilrår vaksinen til dei utanfor risikogruppene, så seier dei også at det ikkje er noko i vegen for å ta han om man ønskjer det.

– Det er ingenting i vegen for at dei gjer det om dei vil unngå influensa, men dei har ikkje økt risiko for alvorleg sjukdomsgang, seier Rydland.