– I natt har me fått svært mange meldingar om høg musikk og støy frå russen. Det gjeld i heile politidistriktet i sør, seier oppdragsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Helen Rygg Ims.
Totalt har politiet i Rogaland fått 14 meldingar om russebråk. Fleire russebussar har fått pålegg om å dempa musikken og slutte å bråka.
Ifølge politiet har svært mange russ samla seg på same plass. Ved kjøpesenteret Kvadrat skal opp mot 100 russa ha samla seg.
– Me synst det er uheldig at russen samlar seg i så store grupper, og så er det plagsamt for dei som blir råka av bråket, seier Rygg Ims
Russebråk i Innlandet
Også politiet i Innlandet har i løpet av natta fått elleve klager på russ som bråkar med høg musikk.
Dei aller fleste klagene kjem frå Hamar-området.
Russen flytta seg fleire plassar i sentrum etter kvart som dei blei bedne om å dempa seg av politiet, blant anna til friluftsområdet Koigen i Hamar sentrum.
Ber russen samla seg i mindre grupper
Politiet i Rogaland seier dei har prøvd å vera på fleire av plassane, men at dei ikkje har klart å rekka over alt.
Russesamlingar på opp mot 100 er imot råda til helsestyresmaktene, påpeikar politiet.
– Kva er politiet sin beskjed til russen?
– Me ønsker at dei ikkje samlar seg så mange på same plass. I tillegg ønsker me at dei skrur ned musikken og ikkje er til plage for andre, seier oppdragsleiar Rygg Ims.
Ho understrekar også at russen i Rogaland generelt er veldig høflege og rettar seg etter pålegga frå politiet.
Også operasjonsleiar Atle B. Obstfelder i Innlandet politidistrikt seier russen har dempa seg når politiet har kome, og at det ikkje har vore noko bråk ut over alt for høg lyd.