Ordførar meldt til politiet etter mobbesak

Ordførar i Bjerkreim kommune, Marton Skårland, er meldt til politiet for å ikkje gripa inn og følgja opp fleire mobbesaker i kommunen.

Marthon Skårland

Marton Skårland (H) er ordførar i Bjerkreim. Saman med seks andre leiarar i kommunen er han nå meld til politiet.

Foto: Øystein Ellingsen
Gaute Bjørnsen

Gaute Bjørnsen driv med rådgjeving innan skulemiljø i firmaet GB reflektor. Nå representerer han dei tre føresette som melder Bjerkreim kommune til politiet.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Seks føresette har gått saman om å melda sju leiarar i Bjerkreim kommune til politiet, etter at seks av barna deira over lengre tid blei utsett for mobbing.

Dette er mobbesaker som tidlegare har vore omtalt i media, og som Bjerkreim kommune har fått kritikk for både hos Fylkesmannen og Rogaland revisjon.

Sju personar melde til politiet

I tillegg til ordførar Marthon Skårland er skulesjefen, levekårssjefen, ein tidlegare rådmann, to rektorar og barnevernsleiaren også melde til politiet.

Dei meiner at kommunen mellom anna er skuldige i brot på kravet i opplæringslova om at skulen skal jobba aktivt og systematisk for at alle skal få eit godt fysisk og psykososialt miljø, som fremjar helse, trivsel og læring.

Dette er noko som kan straffast med bøter og opptil tre månaders fengsel. Det vil også bli fremja krav om oppreising.

– Fylkesmannen i Rogaland har tidlegare slått fast at Bjerkreim kommune har brote opplæringslova, og når kommunen då ikkje grip inn og ryddar opp, ser me inga anna løysning enn å melda dei ansvarlege til politiet, seier Gaute Bjørnsen, som er rådgjevar for dei som har levert meldinga.

Barna som blei mobba måtte byta skule og to av familiane har flytta frå bygda.

Ikkje kjend med saka

Då NRK kontakta ordførar Marthon Skåland om saka tysdag morgon var han ikkje kjend med at han hadde blitt meld til politiet.

– Eg kjenner ikkje til at eg har blitt meld til politiet, så det kan eg ikkje kommentera nå, seier han.

Ifølgje Bjørnsen blei meldinga levert inn til politiet i Stavanger før helga. Dette gjorde dei i frykt av at saka ikkje ville bli teken på alvor om dei leverte ho inn til lensmannskontoret i den vesle bygda Vikeså i Bjerkreim.

Laster kart, vennligst vent...

Bjerkreim er ein kommune med knappe 3000 innbyggjarar.