Hopp til innhold

Ordførar blei drapstruga i utlandet

Haugesund-ordførar Petter Steen fekk ein telefon då han nett hadde kome til London. «Ordføraren skal drepast dersom han drar til utlandet», var beskjeden han tok imot.

Petter Steen jr.

Haugesund-ordførar Petter Steen blei drapstruga i London. Biletet er frå Filmfestivalen i Haugesund.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

I utgangspunktet verka det ikkje å vera så veldig dramatisk. Rett nok fekk Haugesund-ordføraren vite at det var ringt inn ei drapstrussel mot han, men då var han alt hundrevis av kilometer vekke frå heimbyen. Faktisk var han saman med familien i London.

Men det han fekk høyre frå ordførarkontoret i Haugesund, fekk det til å gå kaldt nedover ryggen hans.

– Drapstrusselen gjekk ut på at dersom ordføraren drog utanlands, så skulle han drepast, fortel Steen.

Kven kunne vita?

Ordføraren, frå partiet Høgre, visste med seg sjølv at han ikkje hadde gitt beskjed til særleg mange om at han skulle på helgetur med ein del familiemedlemmar til London.

– Det som gjekk gjennom hovudet mitt var spørsmålet om det var nokon som visste om reisa mi og som ikkje ville meg noko godt. Eller det kunne vera eit reint slumpetreff, seier Steen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Oxford Street i London

Oxford Street i London, der Petter Steen var då han fekk beskjed om drapstrusselen.

Foto: KIRSTY WIGGLESWORTH / AP

Roa seg ned

– Eg kjente jo at det sokk i magen, for det var veldig spesielt at det skulle koma ei slik drapstrussel akkurat då eg var komen til London, den gongen i 2007, seier Steen.

Likevel roa han seg ned etter ein betre lunsj og etter å ha snakka om trusselen med kona som var igjen i Haugesund.

Politiet passar på

Politiet fann ut kva telefon drapstrusselen var ringt inn på, men dei klarte aldri å bevisa kven det var som hadde ringt.

Hans Vik

Hans Vik er politimeister i Sør-Rogaland politidistrikt

Foto: NRK

Det som likevel er klart, er at det er straffeskjerpande å trua ein politikar, i forhold til ein vanleg borgar. Det stadfestar politimeister i Sør-Rogaland politidistrikt, Hans Vik.

– Nettopp fordi politikarar er ein føresetnad for demokratiet. Og det at nokon gir uttrykk for sine meiningar er jo ein føresetnad for at demokratiet skal fungera. Det er klart at me må passa på demokratiet, seier Vik.

Fryktar for rekrutteringa

Petter Steen fortel om då han var på sitt første nominasjonsmøte for partiet Høgre i Haugesund i 1979. Då var det kamp om å få stå på vallista, fortel han.

– Slik er det definitivt ikkje for dei aller fleste parti i dag, seier Steen.

Han ser på manglande vilje til å ta politisk verv, som eit av dei store problema for demokratiet i Norge i dag. Og han fryktar at noko av grunnen til det kan vera at politikarar må slite med truslar.

– I alle fall er det ein tilleggsbelastning ut over all den tida som må brukast på å setje seg inn i vanskelege saker, avsluttar Haugesund-ordførar Petter Steen.