Hudkontakt kan redda fleire tusen premature babyar frå døden

Ein ny WHO-studie blir kalla revolusjonerande for nyfødd-medisinen, og kan få konsekvensar for norske sjukehus.

Når premature barn blir lagt på mor sitt bryst, i staden for kuvøse, blir det kalla kengurumetoden.

Foto: Mathias Oppedal

Studien på for tidleg fødde barn, og barn med låg fødselsvekt, er gjennomført i fem land i Asia og Afrika, og resultata vekker stor oppsikt i fagmiljøet.

Ifølgje studien kan ein årleg redda 150.000 fleire premature babyar ved å gi dei kontinuerleg hud-mot-hudkontakt direkte etter fødsel.

– Paradigmeskifte

– Det er imponerande tal, det er dramatiske tal og WHO beskriv det som eit paradigmeskifte i nyføddmedisinen, seier overlege og forskar Siren Rettedal ved nyføddintensiven på Stavanger universitetssjukehus.

Ho har vore med på å velja ut sjukehusa som var med i studien, og gi opplæring i basal nyføddbehandling og monitorere studiet.

Frå før av har WHO tilråda å gi pleie til babyar med låg fødselsvekt mens dei ligg på mor eller far sitt bryst. Men det har likevel vore tilrådd at babyen først skal stabiliserast i kuvøse eller liknande.

Dette har tidlegare vist seg at betrar sjansen for å overleva med 40 prosent.

Så gode resultat at studien måtte avbrytast

Men det dei i den nye studien ville prøva, var å leggja barnet direkte på mor sitt bryst, utan å først vera innom kuvøse eller tilsvarande.

WHO, hud-mot-hud studie

Studien er gjennomført i Ghana, Malawi, Tanzania, India og Nigeria. Han skulle eigentleg inkludera 4200 barn, men blei stoppa etter 3000 barn.

Foto: WHO

4200 barn skulle bli med. Halvparten skulle få den vanlege behandlinga, medan den andre halvparten skulle ha umiddelbar og vedvarande hudkontakt.

Resultata var så bra at prosjektet tidleg blei stoppa av ein uavhengig komite.

– Dei fann ut at det ville vera uetisk å halda fram med å leggja nyfødde barn i kuvøse. Ein såg så tydeleg at overlevingsraten var mykje høgare når dei fekk hud-mot-hudkontakt, seier Rettedal.

Ho seier at WHO på grunn av studien truleg kjem til å endra retningslinjene sine for den såkalla kengurumetoden (Kengaroo Mother Care) i løpet av 2021.

Mindre kuvøse også i Noreg

Sidan dei fleste babyar over 1000 gram i Noreg overlever, så er ikkje funna frå WHO-studien direkte overførbare til våre forhold.

Siren Rettedal, overlege og forsker ved Staav

Overlege og forskar Siren Rettedal på Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Marte Skodje / NRK

Likevel er Rettedal og i gang med ein lik studie i Stavanger, saman med Karolinska sjukehus i Stockholm, der dei ikkje går vegen innom kuvøse når barn blir fødde for tidleg.

– Her prøver me å sjå om det er like viktig sjølv med meir ressursar tilgjengeleg. Og me ser om hud mot hud etter fødsel gir betre søvn som er viktig for modning av hjernen, mindre stress og betre samspel mellom foreldre og barn, seier ho.

Denne studien er framleis ikkje avslutta. Likevel er ho trygg på at me vil bevege oss i same retning, også på norske sjukehus.

– Det blir mindre og mindre kuvøse, og meir hud-mot-hud.