Hopp til innhold

Oppmodar kommunane til auka beredskap

Kommunane i Rogaland som blir råka av ekstremvêret «Synne» blir nå oppmoda til å auka beredskapen. Fylkesberedskapssjefen ber kommunane gjera førebyggande tiltak.

Overvatn Tasta

Store mengder regn førte til mykje overvatn og trafikale problem på vegane i morgonrushet i Rogaland, som her frå Tasta i Stavanger. I helga er det venta endå meir vatn.

Foto: Eirik Gjesdal

– Me ber kommunane vurdera sin eigen beredskap i helga i lys av ekstremvarselet, og passa på at dei har nok mannskap og kapasitet til å ta seg av det som eventuelt kan skje, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om ekstremvêret «Synne». Laurdag og natt til søndag er det venta ekstreme nedbørsmengder i Rogaland og Agder.

Det kan kome 100–150 millimeter nedbør på 30 timar, og lokalt i indre strok kan det kome opp i 150–200 millimeter. Ein smakebit på det som kjem fekk rogalendingane fredag morgon, då store nedbørsmengder førte til mykje overvatn og trafikale problem.

Ber kommunane sjekka problemområde

I tillegg har NVE sendt ut oppdatert flaumvarsel (oransje nivå) for heile fylket. I tillegg har NVE også oppdatert varselet om jord,- sørpe og flaumskredfare (oransje nivå) for kommunane Gjesdal, Forsand, Hjelmeland, Sauda og Suldal.

Fylkesberedskapssjef Johnsen i Rogaland ber kommunane gjera nødvendig førebyggande tiltak. Det går mellom anna på å sjekka ut plassar kor det normalt oppstår problem ved store nedbørsmengder.

– Det er snakk om såpass mykje nedbør at det spørst om dei normale avløpsvegane kan fanga opp alt som kjem ned. Vatnet som kjem kan ta andre vegar og føra til problem i busette område.

Store mengder regn førte til mye overvann og trafikale problemer på veiene i Rogaland i morgenrushet.

VIDEO: Stavanger Natur og Idrettsservice har hatt ein travel morgon. Her i Rødknapplia på Tasta i Stavanger.

Stort skadepotensial langs Lundeånå

I Eigersund er beredskapsgruppa varsla. Rådmann Ketil Helgevold seier at store vassmengder frå elva Lundeånå i sentrum kan gjera skade på hus og vegar.

– Skadepotensial ligg stort sett langs Lundeånå, som er elva som renn inn mot sentrum. Der er det busetnad tett mot elva og mange kjellarar som kan få skader.

På Helleland finst det eit målepunkt som varslar vasstanden og kor mykje nedbør som kan ventast i bykjernen i Egersund. Punktet gir prognosar seks til åtte timar før nedbøren kjem.

– Dette varselet ligg høgt på skalaen for varsel av vassmengder, men det spørst kor fort vatnet kjem. 100–130 millimeter nedbør er mykje på eit døgn, men kjem det jamt ut er erfaringane at mykje blir absorbert i bakken, seier Helgevold.

– Det er sjeldan at det blir sendt ut ekstremvarsel på bakgrunn av ekstremt mykje nedbør, normalt sett er det vinden som er utløysande årsak, seier fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.