Opplevde sin første solnedgang på Sola

Amerikanske Scott Kelly har vore nesten eitt år i verdsrommet. I kveld mellomlanda han på Stavanger lufthamn Sola.

Scott Kelly solnedgang

Astronauten Scott Kelly tok dette bilete frå innflyginga til Stavanger lufthamn Sola.

Foto: Skjermdump

Kilde: NTB/NRK

I nesten eitt år har den amerikanske astronauten Scott Kelly og den russiske kosmonauten Sergej Volkov vore på Den internasjonale romstasjonen.

Onsdag landa dei i ein romkapsel på ei frosen steppe i Kasakhstan.

Scott er no på veg heim til USA, og i ettermiddag mellomlanda flyet i Stavanger, for å fylle på meir drivstoff.

Der fekk han oppleva sin første solnedgang på jorda, på eitt år, og han delte augeblikket på twitter.

– Min første solnedgang på jorda, i Norge, på veg heim, skreiv Kelly på twitter litt over klokka 18 i dag.

Nasa-fly på Sola

Her er NASA-flyet på Stavanger lufthamn Sola.

Foto: Bjørn Pedersen

Tvillingstudie

Eitt av formåla med Kelly og Kornjenko sitt opphald på Den internasjonale romstasjonen har vore å lera meir om korleis menneske taklar å vera lenge i verdsrommet.

Dette vil bli viktig ved ein eventuell framtidig bemanna romferd til Mars.

Astronaut Scott Kelly etter landingen

Astronaut Scott Kelly etter landinga på ei frosen steppe i nærleiken av byen Dzhezkazgan i Kasakhstan.

Foto: Kiril Kudrjavtsev / Reuters/NTB Scanpix

Når Kelly er tilbake i USA skal han gjennomgå testar og samanliknast med tvillingbroren sin, som har vore på jorda det siste året. Forskarane ynskjer å finne ut om dei to har utvikla seg forskjellig.

Tvillingstudien er den første i sitt slag, ifølgje den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA. Undersøkingane av Scott og Mark Kelly vil mellom anna avdekke om opphald i rommet påverkar genar og arvemateriale.

Twitra frå verdsrommet

Astronaut Kelly og kosmonaut Kornjenko har vore 340 dagar i verdsrommet. Personen med det lengste samanhengende opphaldet i rommet er framleis russiske Valerij Poljakov, med 437 dagar.

I løpet av året i verdsrommet har Kelly ofte lagt ut bilete på Instagram og meldingar på Twitter, kor han har nesten 1 million følgjarar.

Laster Twitter-innhold