- Innanfor rekrutteringsområdet har opdrettsnæringa gjort ein dårleg jobb. Me må dessverre seie at det kjem som ei overrasking på oss at me har eit enormt rekrutteringsbehov. Mange av medarbeidarane både i Pan Fish og hos andre står foran pensjonsalderen. Me har ikkje drive eit godt nok rekrutteringsarbeide, seier Atle Eide.
Det var i eit foredrag på Hjelmeland Atle Eide tok for seg den manglande rekrutteringa til oppdrettsbransjen.
I Rogaland skjer den i stor grad frå Rygjabø vidaregåande skule på Finnøy og rektor Magnus Mathisen stadfestar at utviklinga der er negativ.
- No til hausten vil me ha ein klasse mindre på grunnkurset Naturliv, som er det fyrste kurset dei startar på når dei skal ta ei utdanning innan akvakultur. Grunnen kan være for lite trykk frå næringa og for lite fokus på å sikre seg godt kvalifisert arbeidskraft, seier Mathisen.
For å få ungdom til å satse på oppdrettsnæringa kjem det nyfusjonerte selskapet Pan Fish til å tilby eit internasjonalt karriereprogram, seier direktør Atle Eide.
- Me vil ta kontakt med Rygjabø vidaregåande og sjå på korleis me kan komponera utviklings- og fagplanar for å kunne seie at folk kan ta eit år på skule på våre anlegg i Norge eller i utlandet og gå vidare på skule og få lærlingeplass når dei er ferdige, seier Eide.