NRK Meny
Normal

Satsar stort på luksus i nedgangstider

Trass tøffe tider i olja opnar i dag Nord-Europas mest eksklusive Porsche-senter i Stavanger. Salssjefen trur rogalendingane framleis er lystne på luksus.

Porche

Bilane står allereie på utstilling. Dei fleste har ein prislapp som ligg over ein million.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Desse bilane får du i mange prisklassar. Den me sel mykje av er Macan til cirka ein million kroner, seier Roy Klungtvedt, salssjef i Porsche-senter Stavanger.

Blankpolerte bilar i millionklassen står på utstilling. Alt er klart til stor opning av Nord-Europas mest eksklusive Porsche-senter i oljebyen Stavanger.

Unikt senter

Den nye butikken kallar dei sjølve eit opplevingssenter. Og det finst berre liknande Porsche-senter i to andre byar i verda; i Mannheim i Tyskland og i Shanghai i Kina.

Porsche har allereie eit utsal i Stavanger-regionen, og bilane har vore svært populære blant rogalendingane, difor vågar dei også å satse stort.

Roy Klungtvedt

Roy Klungtvedt er salssjef i Porsche-senter Stavanger.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Når ein først skal bygge eit nytt bygg, så må ein gjera det skikkeleg. Her kan me få vist fram bilane på den måten som Porsche ynskjer at me skal gjera det, seier Klungtvedt.

Optimistiske trass dårlege tider

Senteret er tre etasjar høgt, og på dei 4000 kvadratmetrane er det mellom anna ein eigen lounge der du kan skreddarsy din eigen bil. Til ei kvar tid skal det vera ti nye modellar i butikken av bilar til ein sjusifra pris.

Å satse på dyre bilar i Stavanger, i ei tid der oljeprisen er låg og mange har mista jobben, uroar ikkje salssjefen.

– I første kvartal i år så selde me faktisk fleire bilar her i regionen enn i første kvartal i fjor. Så me har hatt ei positiv utvikling, seier Klungtvedt.

Nordmenn kjøper ikkje meir luksus

Øyvind Solberg Thorsen

Direktør i Opplysningsrådet for Veitrafikken AS, Øyvind Solberg Thorsen.

Foto: Fotograf Sturlason

Akkurat det kan direktør i Opplysningsrådet for Veitrafikken AS, Øyvind Solberg Thorsen, bekrefta. Porsche-salet aukar her til lands. Mens det i fjor på denne tida hadde blitt selt 104 nye Porscher, har det hittil i år blitt selt 132 biler.

Men salet av luksus- og sportsbilar generelt er det same som før

– Mange biler i tilsvarande prisklasse har hatt nedgang i salet, seie Thorsen, som understrekar at det totalt sett er snakk om få selde biler i dette sjiktet.

Vidare har importen av brukte sport- og luksusbilar gått ned i år samanlikna med same periode i fjor.