– I eit langt perspektiv verkar Ryfylke kommune som ei logisk samanslutning. Når Ryfast nå snart nærmar seg opning, kan det vera ein idé å ta med det i vurderinga når me nå skal laga framtidas kommunekart, seier stortingsrepresentant Stensland.
Stensland vil nå setja heile kommunereforma på vent i Ryfylke til fastlandsprosjektet mellom Ryfylke og Nord-Jæren, Ryfast, er på plass i slutten av 2019.
– Dersom dei ikkje finn ut av det i Ryfylke, kan det vera me kan venta litt å sjå an situasjonen. Det er ikkje sikkert me treng å hasta fram ei løysing som kanskje ikkje er den beste i eit langt perspektiv.
Reagerer på utspelet
Stortingsrepresentant Sveinung Stensland (H).
Foto: Ole Andreas Bø / NRKI Forsand har eit knapt politiske fleirtal sagt ja til å danna ny kommune med Sandnes – og begge kommunar jobbar nå for ei samanslåing. Forsand-ordførar Bjarte Dagestad (H) set derfor svært liten pris på utspelet til partikollega Stensland.
– Eg forstår ingenting av dette utspelet. Det verkar som om Stensland sitt personlege val ikkje får fleirtal og så blir det i staden slengt ut slike idear.
Han viser til at Forsand har gjort det regjeringa har bedd om og laga det han kallar ein robust kommune i tråd med lokaldemokratiet.
– Eg synst Stensland skal gå tilbake til det reforma handlar om og er tufta på, og heller heia fram dei som vil og kan i denne reforma.
Også opposisjonen reagerer
Forsand-ordførar Bjarte Dagestad (H).
Foto: Erik Waage / NRKHeller ikkje opposisjonen i Forsand og forkjemparane for ein storkommune i Ryfylke, representert ved gamleordførar Ole Tom Guse (KrF), ser grunn til å avventa situasjonen til Ryfast er på plass om godt og vel 2,5 år.
– Nå har me brukt store økonomiske og menneskelege ressursar på dette, så det er ikkje klokt å setja kommunereforma på vent. Nå må me få eit svar slik at kommunane kan komma seg vidare og jobba med å skapa ein ny kommune, uansett kor grensene skal gå.
Men stortingsrepresentant Stensland står på at Fylkesmannen har gode argument for å samla Ytre Ryfylke til ein kommune. Han meiner dei tre kommunane høyrer naturleg saman og at Ryfast vil gi god tilknyting til andre delar av Rogaland.
– Ei løysing kan vera å utsetja prosessen til Ryfast står ferdig. Kanskje skal me gå for ein Ryfylke-kommune likevel. Dersom det krev ein runde til, så kvifor ikkje.
Ber om ro
I Hjelmeland har både innbyggarane og politikarane sagt nei til ein storkommune i Ryfylke. Berre Strand står att som forkjempar for å samla Ytre Ryfylke til eitt rike.
– Denne saka har tappa oss for veldig mykje krefter i fleire år. Nå håpar me på fred og respekt for det folket seier, kommenterer Hjelmeland-ordførar Bjørn Laugaland (Sp).