NRK Meny
Normal

Opna årets Kammermusikkfestival

I kveld var det opningskonsert i Domkyrkja for den internasjonale Kammermusikkfestivalen i Stavanger. Musikarar i verdsklasse er samla for ei veke med klassisk musikk.

Opning av Kammermusikkfestivalen i Stavanger.

– Me håpar at musikarane kjem til å trivast, og at folk kjem til å nyte musikken dei høyrer, seier Christian Ihle Hadland, som saman med Martin Frøst har laga det musikalske programmet.

Ihle Hadland stod også for opningskonserten i Domkyrkja no i kveld.

Teamet for årets festival er "I skuggen av 1914". I utgangspunktet ville arrangørane ha 1814 som tema, men der var det ikkje nok musikk å ta av.

Christian Ihle Hadland

Christian Ihle Hadland har laga det musikalske programmet.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Den eigentlege planen var å spinne dette rundt grunnlovsjubileet. Men me fann ut at det kun var nok musikk til ein halv konsert. Så då bestemte me oss for å fokusere på 1914, og utbrotet av 1. verdskrig, fortel Ihle Hadland.

Under festivalen ynskjer dei å løfta fram ei rekke viktge verk som er skrivne i skuggen av ein turbulent tidsperiode, og vise fram korleis ulike komponistar har latt seg påverke av desse omstenda.

Festivalen varer frå 11.-17. august, og det blir konsertar både i Stavanger, Sandnes, Haugesund og på Ulstein Kloster.