Hopp til innhold

Ønskjer nye fag til Ryggjabø

Utdanninga i restaurant- og matfag ved Ryggjabø vidaregåande skule i Finnøy bør erstattast av eit tilbod innan teknikk og industriell produksjon og maritime fag, meiner fylkesrådmannen.

Ryggjabø videregående skole

Fylkesrådmannen vil ha utdanningstilbod innan teknikk og industriell produksjon og maritime fag ved Ryggjabø vidaregåande i Finnøy.

Foto: Google

Mens stadig færre elevar søkjer seg til matfaga, manglar skulane på Nord-Jæren kapasitet til å møte den auka interesse for industrifaga.

Nå meiner fylkesrådmannen utdanninga i restaurant- og matfag ved Ryggjabø vidaregåande skule bør erstattast av eit tilbod innan teknikk og industriell produksjon og maritime fag.

LES ÒG: Lærerne vil heller jobbe offshore

Maritime fag

Fylkesrådmannen vil også oppretta ein vidaregåande klasse innan maritime fag på Rogalands minste vidaregåande skule.

Dei nye tilboda skal drivast i samarbeid med Stavanger offshore tekniske skole.

Rektor ved Ryggjabø vidaregåande, Magnus Mathiesen, synst forslaget er til å leva med.

– Å gi frå seg eit fag er ikkje det beste alternativet for ein liten skule som oss. Men eit tilbod innan maritime fag er noko som passar godt inn i vårt utdanningstilbod som går på fiskeri og havbruk, seier rektoren.

Ikkje sikker på framtida

– Trur du at framtida til skulen er sikra?

– Nei, når du bur i Utkant-Noreg kan du ikkje vera sikker på noko som helst. Men me gjer vårt for å fornya oss og står på for å skaffa elevar og nye skuletilbod, seier han.

Det vil kosta fire millionar kroner å tilpassa skulen sine lokale til dei nye utdanningstilboda.

Opplæringsutvalet i fylket skal behandla forslaget 4. september.