Hopp til innhold

Ønskjer ikkje generell væpning av politiet

Den blå-blå regjeringa vil opne for generell væpning av politiet i Noreg. Nei, seier politimeisteren og Politiets Fellesforbund i Rogaland.

Hans Vik

Politimeister i Rogaland, Hans Vik, vil ikkje at våpen skal vera ein del av den daglegdagse politiuniforma.

Foto: NRK

– Trugselbilete vi ser dagleg gjer det ikkje nødvendig å ha væpna politi til ei kvar tid. Eg meiner politiet har god nok tilgang på våpen med framskott lagring av våpen i patruljane, seier politimeister i Rogaland politidistrikt, Hans Vik.

Måndag kveld vart regjeringsplattforma presentert av partileiarane Erna Solberg og Siv Jensen. Politiet og justissektoren er eit av satsingsområda i erklæringa og den kommande regjeringa vil opne for generell væpning av politiet. Dei føreslår at politidistrikta sjølv kan avgjera om dei ynskjer ei generell væpning av politiet.

– Nøgd med ordninga i dag

Erlend Bjørnestad

Erlend Bjørnestad.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Likevel, i Rogaland får me truleg ikkje sjå væpna politi i gatene med det første. I dag ligg våpna og alt utstyret klart til bruk i patruljebilane, men i det dei går ut av bilen er ikkje lenger politiet væpna. Kun i ekstraordinære høve går politiet til væpna aksjon.

Politiets fellesforbund sa i fjor ja til generell væpning av politiet i Noreg. Men i Rogaland er fellesforbundet negative til at politiet skal bera våpen til dagleg.

– Som den nye regjeringa legg det opp er det opp til kvart eige distrikt å vurdera om dei treng det i den delen av landet der dei bur. Det synest eg er flott. Her i Rogaland er det ein førebels einigheit om at vi er godt nøgd med den ordninga vi har med våpen i stort sett alle politibilane og godt utstyr til mannskapa, seier leiaren Erlend Bjørnestad.

– Skal møta born med ei hand

Å seia nei til generell væpning av politiet handlar om å halde på sitt sivile preg, meiner politimeisteren.

– Ungar som vender seg til ein politimann eller kvinne skal møta ei hand i hoftehøgd, og ikkje ein pistol. Det er eit bilete, men det er viktig å ta vare på vårt sivile preg. Så lenge ikkje sikkerheita vår eller samfunnssikkerheita tilseier fast væpning meiner eg at det ikkje er nødvendig, seier Hans Vik.

Bevæpnet politi

Væpna politi utanfor Oslo tingrett.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix