NRK Meny
Normal

– Han ønsker å bli reinvaska i Norge

I dag startar rettsmøte der ein rwandar, som har budd i Norge i fjorten år, er sikta for å ha oppfordra til drap under folkemordet i Rwanda. Retten skal ta stilling til om mannen skal sendast tilbake til Rwanda eller om han skal straffeforfølgast i Norge.

Sikta for medverknad til folkemord

Rwanda har bedd om å få utlevert denne mannen, som har budd i Norge dei siste 14 åra. Stavanger tingrett har sett av fire dagar til å behandla saka.

Foto: Lise Åserud / Magnar Larsen / NTB scanpix

Det var i slutten av mai i fjor Kripos arresterte ein rwandar i starten av 40-åra, som dei siste 14 åra har budd i Norge. Dei sikta han for å ha vore med på det brutale folkemordet, som skjedde i Rwanda i 1994.

I dag startar rettsmøte der Stavanger tingrett skal ta stilling til eit ønske frå styresmaktene i Rwanda om utlevering av mannen.

– Han er godt førebudd og ser fram til å forklara seg i Stavanger tingrett, seier Brynjar Meling om klienten sin, som er statsborgar i Rwanda, trass i at han har budd så lenge i Norge.

– Ei stor belastning

Mannen er busett på Nord-Jæren saman med familien sin. Kona møtte han i flyktningleir etter å ha flytta frå Rwanda, og både ho og dei tre barna dei har saman er norske statsborgarar.

Etter mannen blei fengsla i slutten av mai i fjor har familien, ifølgje Meling, blitt tatt vare på av gode vennar og omsorgspersonar, som dei har rundt seg. Etter forholda skal det også gå greitt med den sikta.

– Saka har vore ein stor belastning, spesielt med tanke på familiesituasjonen hans, men trass dette har det etter forholda gått greitt. Dette er mykje på grunn av at han har fått fokusera på saka og førebuingane til den, seier Meling, som rosar fengselet for å ha stilt utstyret rwandaren har hatt bruk for til disposisjon.

Parallelle etterforskingar

Etterforskinga av mannen har skjedd parallelt av norske og rwandiske styresmakter. Så om tingretten ikkje vil utlevera mannen til Rwanda, held straffeforfølginga fram i Norge.

– For nokre år sidan blei det inngått ein samarbeidsavtale om at norsk politi skulle få etterforska saka uavhengig av den rwandiske etterforskinga. Det har me gjort på nærmast same måte som me ville gjort i Norge, seier Per Zimmer i Kripos, som er politiadvokat i saka.

Han seier at dei ikkje har større forventningar til det komande rettsmøte enn at retten skal få vurdera om mannen bør utleverast eller ikkje.

– Rwandiske styresmakter har sendt over ei sikting der dei vil ha den sikta utlevert. Siktinga handlar om ulike medverknadshandlingar knytt til folkemordet i Rwanda i 1994, seier han.

– Kva type medverknad er det snakk om?

– Eg kan ikkje gå i detalj rundt siktinga, sidan den ikkje er offentleg, men det er jo slik at me også frå norsk side har etterforska denne saka, og dei to etterforskingane overlappar kvarandre i ganske stor grad. Han er mistenkt for å ha vore med i møter der det har blitt planlagt drap og han er mistenkt for å ha oppfordra til drap, seier Zimmer.

Ønsker reinvasking i Norge

Brynjar Meling, seier at klienten hans fryktar rettsstellet i Rwanda, og at han heller håper på ei norsk rettssak, der han kan reinvaska seg. Han vil også i dette rettsmøte snakka om at han er uskuldig.

– Han ønsker å tilbakevisa påstandane som KRIPOS fremmar på vegner av rwandiske styresmakter, og vil bruka tida i retten til å visa at det som er sagt om han ikkje kan stemma, seier Meling.

– Kva er det som ikkje stemmer?

– Klienten min er skulda for å ha vore med på folkemordet ved tre til fire høve i tidsrommet 15. til 17. april 1994. Han har i fleire avhøyr med KRIPOS gitt detaljerte skildringar av kor han var då det han er skulda for skjedde, seier Meling.

Meling meiner han har ei sterk oppleving og ei sterk historie om kva han har sett.

– Dette er ei historie som står på eigne bein og bør vera nok til å finna at det ikkje er rimeleg grunn til mistanke, seier Meling.

– Me håper at norske styresmakter skal etterforska saka vidare, for klienten min er svært oppteken av å bli reinvaska. Eg skal ikkje sei at han blir skuffa om det ikkje blir ein rettssak i Norge, men han ville blitt glad dersom det blei ein sak der han kan reinvaska seg og visa at det ikkje er hald i skuldingane som er retta mot han, avsluttar Meling.