Hopp til innhold

India-saka kan bli løyst i morgon

Dei diplomatiske banda mellom Norge og India har blitt sett på prøve etter barnevernet i Stavanger tok to barn frå eit indisk par. Nå er onkelen til barna i landet, med mål om å få med seg barna tilbake til India.

Svein Kjetil Lode Svendsen og Arunabhas Bhattachanya

GÅR MOT LØYSING: Advokat til foreldra, Svein Kjetil Lode Svendsen, og onkelen til dei to barna, Arunabhas Bhattachanya, har vore i møte med barnevernet i dag.

Medan det blir demonstrert i India, er familien i den betente barnevernssaka trygge på at barna vil vera tilbake i heimlandet innan kort tid.

– Dette har vore ei heilt forferdeleg oppleving. Me drøymer om andleta til barna våre kvar natt, seier mora til dei to barna som India-saka handlar om, og som blir anonymisert med omsyn til barna.

Saman med mannen sin sit ho i TV-studioet til NRK Rogaland i Stavanger. Dei skal snart direkte på den indiske TV-kanalen NDTV med det glade bodskap om at saka nå truleg går mot ein ende.

Foreldra i India-saka

DIREKTE PÅ TV: Dei indiske foreldra, som har blitt fråtekne barna sine av barnevernet i Norge, var i dag direkte med på den indiske TV-kanalen NDTV frå studioet til NRK Rogaland. Foreldra er sladda med omsyn til barna.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Saka kan bli løyst i morgon

– Alle signala me får går nå ut på at onkelen til barna får ta dei med seg til India. Me håper dei kan vera tilbake innan få veker, seier faren.

Barna på eitt og tre år er nå i ein fosterheim i Norge. Men barnevernet har onkelen Arunabhas Bhattachanya under lupa for å sjå om han er skikka til å få omsorga for dei to barna.

– Eg håper dagens møte var det siste med barnevernet, onkelen og meg, seier advokat til foreldra, Svein Kjetil Lode Svendsen.

I morgon kjem ein delegasjon frå den indiske ambassaden til Stavanger, og det er venta ei pressemelding frå barnevernet.

Dersom partane då har kome til ei løysing kan onkelen få med seg barna til India den 23. mars etter godkjenning frå tingretten.

Medan saka går mot løysing i Norge demonstrerer besteforeldra til foreldra i India utanfor politistasjonen i Chanakyapuri. Denne demonstrasjonen skjedde her sidan dei ikkje fekk lov å ha den utanfor den norske ambassaden ifølgje dailybhaskar.com.

Noopur Tiwari frå indiske NDTV

FØLGJER SAKA: Noopur Tiwari frå indiske NDTV er i Stavanger for å dekka India-saka. Ho trur det indiske folk vil bli svært nøgde om barna blir sende tilbake til India, men at dei framleis vil vera kritiske til at styresmaktene tok barna i utgangspunktet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Stor mediedekning

Saka om dei indiske foreldra, som mista foreldreretten til barna sine under jobbopphald i Norge, har vore på topp i fleire nyheitssendingar på indisk TV.

India-saka har også vore oppe på ministernivå, der utanriksminister Jonas Gahr Støre har vore i dialog med utanriksminister i India S.M. Krishna.

Noopur Tiwari i den indiske TV-kanalen NDTV er i Stavanger og dekker saka. Ho trur at ei løysing der onkelen tar over barna kan bli akseptert både i India og i Norge:

– Det indiske folk vil bli glade om barna kjem tilbake, fordi dei veit at ein i India har utvida familie, som kan ta vare på barna i familiar med utfordringar. Folk er likevel ikkje overbevist om det var riktig av barnevernet å ta barna frå foreldra, seier ho til NRK.no.

Onkelen sjølv rosar samarbeidet han har hatt med barnevernet, og meiner at dei er løysingsorienterte.

– Eg får moglegheiter til å treffa barna her i Norge, og eg er førebudd på å ha ansvar for dei fram til dei blir atten år, seier Bhattachanya.

Sjå heile intervjuet med onkelen her:

Arunabhas Bhattachanya

VIL HA BARNA HEIM: Arunabhas Bhattachanya er onkelen til dei to barna, som blei tatt frå eit indisk par i Stavanger. Han er nå i Norge, og målet er å få barna med seg heim til India.

– Vil vurdera å reisa tilbake

Dersom barna får koma tilbake til India kjem truleg foreldra også til å reisa tilbake, seier faren.

– Det vil me absolutt vurdera. Det er onkelen som vil ha omsorga, men me ønskjer å vera saman med storfamilien, seier han.

Mora er svært uroleg for barna, som har vore i fosterheim i ti månader.

– Sonen min har mista språket, og dei har mista mykje som har med den indiske kulturen å gjera, derfor er det viktig at barna kjem til India, seier ho.

Forsvararen til foreldra kritiserer også måten dette har skjedd på:

– Nå ser ein jo at ein kunne byrja dette arbeidet tidlegare. Ein burde vurdert om barna skulle til India, slik dei ikkje trengde vore lenge i ein norsk fosterheim, seier Lode Svendsen.

Faren til barna trur ikkje denne vurderinga ville skjedd om det ikkje hadde vore for den massive mediedekninga og press frå indiske styresmakter.

Barnevernet i Stavanger vil framleis ikkje seia noko om saka.