Hopp til innhold

– Kan tene på låg oljepris

Tidlegare olje og energiminister Ola Borten Moe, er sikker på at oljeprisen kjem til å gå opp igjen. Og då kan norsk olje- og gassindustri koma styrka ut av prisfallet, meiner han.

Oljeplattform

Det er ingen katastrofe for oljenæringa i Norge at oljeprisen har blitt halvert, meiner tidlegare olje- og energiminister.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Oljeprisen har gått ned frå 110 dollar i sommar, til 55 dollar i dag. Trass i dei alvorlege konsekvensane det medfører, i form av innsparing og færre arbeidsplassar, har den tidlegare olje- og energiministeren tru på framtida til olje- og gassindustrien.

Tidligere olje-og energiminister Ola Borten Moe i Senterpartiet

Ola Borten Moe er nå første nestleiar i Senterpartiet. Her er han i diskusjon med stortingsrepresentant Geir Pollestad i same parti.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg har stor tru på omstillingsevna i næringa. Det har vore ein kostnadsutvikling dei siste åra, som etter mitt syn ikkje har vore berekraftig. Den treng me å få korrigert. Og nå er eg heilt sikkert på at både oljeselskap og leverandørindustrien har eit fokus på å levere både effektivt og godt, som dei ikkje har hatt i stor nok grad før.

Prisen skal opp igjen

Borten Moe sitt grunnlag for å seie at oljeprisen skal opp igjen, er at ei halvering av prisen i løpet av det siste halvåret, fører til auka etterspørsel.

I tillegg kuttar nå veldig mange selskap i investeringane sine, slik at det blir bora færre leitebrønnar og nye prosjekt blir utsett.

Etter Borten Moe si meining betyr det at oljeproduksjonen kjem til å gå ned.

På eitt eller anna tidspunkt kjem etterspørselen til å bli større enn tilbodet og då er det tid for prisauke, meiner han.

Grafikk av oljebrønn

Det kjem til å bli bora færre leitebrønnar og produksjonen av olje kjem til å gå ned i tida framover, meiner Borten Moe

Foto: HO / Reuters

– Og har næringa då gjort jobben sin i mellomtida, så trur eg at norsk olje- og gass-næring kan koma styrka ut av dette her, og med ein sunnare kostnadsstruktur og auka effektivitet i botn.

Ein ny sjanse

– Betyr det at du ser på prisnedgangen som ein grei korreks for norsk oljeindustri?

– Det er tidleg å trekke den konklusjonen, for me har berre levd under dette prisregimet i relativt kort tid og me kjenner jo ikkje dei langsiktige konsekvensane, seier Borten Moe.

Likevel er han sikker på at det var behov for å få ned kostnadane og auke effektiviteten i bransjen. Det som nå har skjedd er ein sjanse til å byrja om igjen, seier Borten Moe:

– Eg er ikkje av dei som trur at dette er byrjinga på slutten på olje- og gassalderen i Norge, slik mange likar å snakke om. Eg trur heller det er ein sjanse til å byrja på nytt, kanskje i eit anna spor og kanskje også koma styrka ut av situasjonen på den andre sida.