Hopp til innhold

Oljenedgangen har flata ut

Botnen er nådd i det oljekrise-ramma næringslivet på Sørvestlandet, meiner sjeføkonom. Meir enn halvparten av bedriftene i ei stor undersøking trur på oppgang i 2017.

Illustrasjonsbilde

Bedriftene som har mesteparten av si omsetning knytt til olje, er meir optimistiske enn før, men dei ser likevel mørkare på framtida enn andre sektorar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Nå har vi funnet botnen. Det kan fint vere at vi blir her i 2017 og, men det er mykje betre å kjenne litt på ein stabil utvikling enn ein fallande utvikling. Da vil også neste bevegelse mest sannsynleg bli opp igjen, seier sjeføkonom i Sparebank 1 SR-bank, Kyrre M. Knudsen, til NRK.

Den vesle optimismen som ein allereie kunne spora i slutten av 2016, er i ferd med å festa seg. Dette er ein av hovudkonklusjonane i Sparebank 1 SR-Bank sitt årlege konjunkturbarometer som blir presentert tysdag.

Meir enn 600 bedrifter frå Rogaland, Hordaland og Agder har svara på kva tankar dei gjer seg om framtida, og korleis dei har klart seg dei tolv siste månadene.

Kyrre M. Knudsen

Kyrre M. Knudsen, sjeføkonom i Sparebank 1 SR-bank, meiner botnen er nådd i næringslivet på Sørvestlandet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

43 prosent av bedriftene som knyter to tredelar eller meir av omsetnaden sin til olje, har tru på betre tider i 2017. I november 2016 var dette talet heilt nede i 26 prosent.

Betre for eksportbedriftene

Reknar ein og med bedriftene som ikkje driv innan olje, ventar 54 prosent oppgang i 2017.

Det er gjennom auke i omsetnad og lønsemd ein forventar at resultatet skal betra seg. Dei fleste melder om eit nært uendra investeringsnivå det komande året.

Dei mest optimistiske bedriftene er dei som lever av eksport.

– Kronekursen er svak, så dei som eksporterer ting utanfor oljeindustrien, gjer det bra. Havbruk gjer det bra, turismen gjer det bra, og så har du desse offentlege tiltaka som løftar bygg- og anleggsindustrien, seier Knudsen.

Færre forventar auke i talet på tilsette

Arne Austreid

Det mest negative som konserndirektør i Sparebank 1 SR-bank, Arne Austreid, trekk fram frå årets konjunkturbarometer.

Foto: SR-bank

Eit lite skår i Sparebank 1 SR-bank sitt glade bodskap er at talet på bedrifter som forventar auke i talet på tilsette framover, går ned samanlikna med tala frå august.

«Det kan vera på grunn av uvisse for effekten av digitalisering og store teknologiske endringar. Uvisse i seg sjølv, er ein betydeleg faktor som avgrensar nyrekruttering. Diverre trur eg derfor at me må forventa ein arbeidsløyse i 2017 på om lag det same nivået som fjoråret», skriv konserndirektør i Sparebank 1 SR-bank, Arne Austreid i innleiinga til konjunkturbarometeret.