Hopp til innhold

Kuttar oljeforskning i dårlege tider

Eit av landets største forskingsmiljø innan olje og gass, forskingsinstituttet IRIS i Stavanger, kuttar opp mot 10 prosent av dei tilsette. Oljeindustrien bestiller ikkje lengre nok oppdrag.

Ullrigg er ein viktig del av IRIS sitt forskarmiljø

IRIS styrer ei treningsplattform, som heiter Ullrigg og som ligg på sørsida av Ullandhaug i Stavanger. Den er ein viktig del av IRIS sitt forskarmiljø.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg trur nok at me må leve med dårlegare tider i to til tre år framover, og eg trur heller ikkje me kjem tilbake på det nivået me har vore på dei siste åra, seier administrerande direktør i IRIS, Ole Ringdal.

Ole Ringdal er adm.dir. for IRIS i Stavanger

Administrerande direktør i IRIS, Ole Ringdal, må kutte mellom 15 og 20 tilsette.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han sit nå midt i prosessen med å finne ut kven som må gå. Det er mellom 15 og 20 tilsette som må vekk, etter at inntektene og ordrebøkene blei kraftig slanka frå januar i år. Ringdal har heller ikkje tru på noko snarleg betring i oljeindustrien.

– Om det då tar seg opp igjen fram mot 2020, det kan henda, men det er ikkje sikkert, seier han.

Ein tredel av inntektene til IRIS kjem frå oljeselskapa. I 2013 utgjorde dette 111 millionar kroner.

– Føler seg uroa

– Det er tøffast for dei som må finne eit nytt arbeid, og som får eit knekkpunkt i livet. Men så har du også alle dei tilsette som er uroa, og som føler seg usikre på om dei har jobb framover, seier Anders Nermoen, tillitsvald for fagforeininga Tekna ved International Research Institute of Stavanger, IRIS.

Anders Nermoen, tillitsvalt for Tekna i IRIS

Anders Nermoen er tillitsvald for fagforeininga Tekna, og har opplevd kor uroa hans medlemmar har vore for jobbane sine denne våren.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Selskapet har over 200 tilsette, menneske med svært god utdanning og kompetanse på forskjellige sider av oljeindustrien.

– Så er det eigentleg noko problem for desse å finne seg eit nytt arbeid?

– Det er ofte slik at når du har høg spesialkompetanse, så er det ikkje alltid at det er så mange stader du kan finna eit arbeid som er tilpassa deg, seier Nermoen.

Arbeid pågår på Ullrigg bore-og brønnsenter på Ullandhaug i Stavanger

Det er lite arbeid for dei som jobbar med utprøving av nye metodar for oljeutvinning på Ullrigg.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Oljeplattforma i Ullandhaugsåsen

IRIS styrer ei treningsplattform, som heiter Ullrigg og som ligg på sørsida av Ullandhaug i Stavanger. Her kan oljeselskap teste ut nye løysingar i samband med oljeutvinning.

Ennå går føre seg det litt arbeid her, men den forskinga for framtida er nå i stor grad lagt til sides og etterspørselen har gått kraftig ned.

Mest alt handlar om oljeindustrien i Stavanger

Ei grundig utdanning blir av mange sett på som den sikraste forsikringa mot å misse arbeidet. Men med det som nå hender i Rogaland, er heller ikkje dette nok. Leiar i NAV Rogaland, Truls Nordahl, ser stadig nye bevis på det.

–Det viser vel først og fremst at veldig mange av verksemdene i dette fylket jobbar opp mot oljeindustrien, og blir påverka av det som skjer der.

– Men generelt er det slik at folk med god kompetanse står ledige mykje kortare tid enn dei som manglar formell kompetanse, seier Nordahl.

IRIS sitt skilt ved hovedkvarteret på Ullandhaug

IRIS høyrer til like ved Universitetet i Stavanger på Ullandhaug.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK