– De er pensjonistar før oljeeventyret er over

Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) oppmoda elevane på Stavanger offshore tekniske skule til sjå lyst på framtida, og sa at det framleis skal vera arbeidsplassar på norsk sokkel om 50 år.

Statsrådene har nærmest stått i kø for å besøke Rogaland den siste tiden - fylket der arbeidsledigheten øker mest i landet. I dag var det oljeministeren sin tur. Han besøkte brønnteknikk-elever som ikke lar seg påvirke av negative mediaoppslag om bransjen de skal inn i.

SJÅ REPORTASJEN: Tord Lien fekk prøva seg i boresimulator på Stavanger offshore tekniske skule, og nytta høvet til å roa ned elevane med tanke på framtida i oljeindustrien.

Statsrådane har nærast stått i kø for å besøka Rogaland den siste tida, fylket der arbeidsløysa aukar mest i landet.

Norsk sokkel i 50 år til

Etter at Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) på laurdag gav oljemuseet pengar til eit sårt etterlengta lagerbygg , tok han i dag turen til Stavanger offshore tekniske skule. Der nytta han høvet til å roa ned elevane med at dei ikkje utdannar seg til arbeidsløyse.

– De kjem til å vera pensjonistar før me har slutta å produsera olje og gass på norsk sokkel, sa Lien til elevane.

Christina Hetland

POSITIV: Elev Christina Hetland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Sjølv om det var tretti prosent færre søkjarar i år enn i fjor på linja for brønnteknikk, er dei som valde å gå her ikkje uroa, trass mange kriseoverskrifter i media og mange nedbemanningar i industrien.

– Det uroar meg eigentleg ikkje, fordi eg trur det kjem til å gå bra. Og viss ikkje er det jo bra å ta utdanning og bli smartare, seier Christina Hetland.

Morten Nodland

SER LYST PÅ FRAMTIDA: Elev Morten Nodland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er nedgangstider i bransjen no, men så lenge me har is i magen og jobbar på, så skal nok dette gå bra til slutt, seier Morten Nodland.

Framtids-Sverdrup

Gigantutbygginga Johan Sverdrup, som vil skapa titusenvis av arbeidsplassar, er blant grunnane til at oljestatsråden har tru på framtida.

– På lang sikt vil olje- og gassindustrien tilby arbeidsplassar til dei som tek denne typen utdanning, seier Lien.

Tord Lien prøver boresimulator på Stavanger offshore tekniske skule

FEKK PRØVA SEG: Statsråden fekk prøva seg i boresimulatoren.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ville ha lærlingsvar

Helge Torkildsen

REKTOR: Helge Torkildsen er rektor ved Stavanger offshore tekniske skule

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Men det nyttar ikkje å ha arbeidsplassar dersom elevane ikkje får fullført utdanninga si med lærlingplass. Fylkeskommunen har denne hausten auka tilbodet med fagopplæring i skulen til dei som ikkje får seg lærlingplass.

– Ministeren må leggja til rette for at bedriftene skal halda fram med å ta inn lærlingar. Bransjen er ikkje død, dette er berre eit kvileskjær, seier rektor Helge Torkildsen.

Om lærlingsituasjonen svara Lien slik:

– Eg er veldig glad for at me har ei historie i Norge der industrien klarer å ta inn lærlingar også når det er krevjande tider, og det vil eg oppfordra industrien til å gjera også no. Eg er glad for at Regjeringa saman med Venstre og KrF har styrka lærlingtilskotet med 10.000 kroner per person i året. Det håpar eg gjer at industrien vil finna det lettare å ta inn lærlingar, seier Lien.