Hopp til innhold

Meiner verda treng olje uansett

Oljeindustrien kjem til å bli den viktigaste levevegen i lang tid framover i Norge, meiner professor Bernt Sigve Aadnøy. – Ikkje gløym at klede, plast og gummi blir produsert av olje, seier han.

Oljeindustri

Ingen solnedgang for oljeindustrien i Norge, meiner Bernt Sigve Aadnøy.

Foto: NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er eit poeng som sjeldan kjem fram i debatten om framtida til oljeindustrien, og som irriterer professor i petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger, Bernt Sigve Aadnøy.

Bernt Sigve Aadnøy er professor i petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger

Bernt Sigve Aadnøy er professor i petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Slett ikkje all olje og gass blir brukt til oppvarming og drivstoff. Om lag 25 prosent går til kjemisk industri, og den etterspørselen stoppar ikkje opp, seier Aadnøy.

Han reknar opp kunstgjødsel, måling, konserveringsmiddel og matvarer. Alle dei produkta inneheld olje.

Viktigast i lang tid

Aadnøy ser at det grøne skiftet kjem inn med full styrke her i landet. Han vedgår at den delen av olje- og gassindustrien som fører til store CO₂-utslepp, kjem til å bli sett under stort press. Likevel meiner han at den industrien vil fortsetja å vera den viktigaste i Norge i mange år framover.

Bernt Sigve Aadnøy ser på eit kart over skifergass-ressursane i verda.

Skifergass-ressursane i verda er eit eksempel på at olje- og gassindustrien har utvikla seg, seier Aadnøy.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Men den kjem til å få mindre å seie enn nå?

– Nei, for Norge sin del så trur eg ikkje det, seier Aadnøy.

Ønskedraum

Miljøpartiet dei grøne, har lenge hevda at mange av dei som jobbar i oljeindustrien snart må sjå seg om etter nye arbeidsgjevarar. Torfinn Ingeborgrud er gruppeleiar for partiet i Stavanger bystyre, og ser for seg ei heilt annan framtid enn Aadnøy.

– Den norske olja er den dyraste å produsere. Derfor blir den faset ut først, når oljeprisen går nedover, seier Ingeborgrud.

Torfinn Ingeborgrud

Å tru at oljeindustrien blir viktig om 50 år, er som å leva i ein ønskedraum, seier gruppeleiar for MDG i Stavanger, Torfinn Ingeborgrud.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Han har ei klar melding til dei som meiner at dette er ei næring som kjem til å gjera det skarpt i framtida:

– Dei som satsar på at dette kan vera ein leveveg i 50 år framover, dei lever i ein ønskedraum, seier Ingeborgrud.

Eksport av teknologi

I tillegg til at kjemisk industri brukar olje og gass, peikar Aadnøy på det høge teknologinivået i norsk oljeindustri. Denne næringa kan eksportere sine produkt til andre land som leitar etter og produserer olje, meiner han.

– Denne eksporten er i dag Noregs nest største næring og sel varer og tenester for 200 milliardar i året. Det er meir enn dobbelt så mykje som samla norsk fiskeeksport frå både oppdrett og villfisk, seier Aadnøy.

Snu i tide

Ingeborgrud gir Aadnøy rett i at eksport av høgteknologi kjem til å vera noko industrien i Norge og Rogaland skal leva av framover.

Men han meiner at avhengigheten av oljeindustrien, som Norge nå opplever, er eit stort problem, ikkje minst i oljefylket Rogaland.

– Me har tent mykje pengar på at petroleumssektoren har blitt så einerådande, men i framtida er det ei stor utfordring og faktisk også eit problem, seier Ingeborgrud.