Fakta
- Hva skulle vi gjort uten mobiltelefoner? Foto: Odd Rune Kyllingstad
Som administrator har Ole Rugland vist talent så det held, for etter 1.mai 2004 må namnet hans utan tvil reknast blant dei store i Vikings 100-årige historie.
Frå 3.mars i fjor til 30.april i år har styreformannen nærast hatt Viking stadion på maten.
Og store utfordringar har han hatt meir enn nok av, heilt frå finansiering av prosjektet som først blei avgjort i 12. time og til siste handverkar er ute av anlegget.
Sjøl om han brukar mykje av døgnet på Viking er det industrimann han er med bedrifter og eigedommar både i inn- og utland.
At Rugland også har brukt ein del private millionar på Viking stadion er vel kjent, pengar som er brukte til mellom anna utsmykking.
Sjøl om Ole Rugland det siste året har hatt eit ord med i laget i det meste i Viking-systemet, er han langt frå nokon eineherskar. - Viking er folket sin klubb og det heilt ideelle var om alle bebuarane hadde aksjar i Viking, meiner han.
Av: Einar Haukaas , Wenche Lamo Hadland og Odd Rune Kyllingstad (foto)
Foto: Odd Rune Kyllingstad