Hopp til innhold

Avbryt ferien – reiser heim frå Spania

Tidlegare proffboksar Ole «Lukkøye» Klemetsen og dottera reiste med første fly til Spania då reiseforbodet vart oppheva sist veke. No hastar dei heim igjen.

Ole Klemetsen i Spania

Ole «Lukkøye» Klemetsen og dottera går med masker overalt på feriestaden Torrevieja i Spania. Til og med inne på fellesområdet der dei bur. – Tek av maska når vi legg oss ned på solsengene, seier han.

Foto: Privat

– Det er mykje folk på strendene her, men det er òg mange tiltak. Vi møter ikkje nokon menneske på gata utan maske på, seier Ole «Lukkøye» Klemetsen frå Stavanger.

Den tidlegare proffboksaren er saman med dottera, Marielle Vines Klemetsen, på familien sitt feriehus i Torrevieja i Spania. Han opplever at ferielandet tek koronasituasjonen alvorleg.

The spread of the coronavirus disease (COVID-19) in Barcelona

BARCELONA 19. JULI: Styresmaktene i Catalonia har varsla restriksjonar som følgje av auka smitte. Likevel valde fleire å reise på stranda der det er mange folk.

Foto: Nacho Doce / Reuters

– Det ser ut som både spanjolar og turistar tek det alvorleg. Det er veldig bra, for vi må ta omsyn alle mann, seier han.

Kom seg raskt av garde

15. juli oppheva Noreg reiseforbodet til ei rekkje europeiske land. Dermed var det nordmenn som var raske med å booke om billettar og komme seg til sydenvarmen.

– Vi hoppa på første fly. Det er heilt fantastisk her. Vi har bada og sola oss denne veka, fortel Klemetsen.

Ole Klemetsen

BOKSERING: På 90-tallet var Ole Klemetsen aktiv som bokser. Proffkarrieren startet i 1992.

Foto: LYNNE SLADKY / AP

Den siste tida har det vore ein auke av smitte i nordlege regionar i Spania. Det betyr at reisande frå Spania kan måtte gå i karantene når nye reiseråd blir presenterte fredag, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Dermed bestemde Klemetsen seg for å avbryte ferien, og reise heim tidlegare enn planlagt.

Vil ikkje risikere karantene

– Eg har ombooka billettane, og reiser heim torsdag. Dyrt var det, men det er verd det, seier han.

Ole Klemetsen i Spania

SKEPTISK: Den tidlegare proffboksaren var skeptisk til å reise ned til Spania, men valde likevel å ta turen og har teke forholdsreglar, mellom anna å bruke maske.

Foto: Privat

På grunn av den aukande smittesituasjonen i ferielandet, får nordmenn som er i Spania no SMS-varsel frå Helsedirektoratet.

– Eg har ikkje lyst at vi skal risikere karantene. Eg har ikkje lyst at dottera mi skal måtte halde seg heime når vi er tilbake i Noreg, seier 48-åringen.

Klemetsen håpar likevel at det byr seg nye moglegheiter til Spania-varme seinare i sesongen.

– Eg snur fort, eg. Ved første og beste moglegheit dreg eg ned igjen, seier han.