Det var fint vêr då det slovenske landslaget la ut på det som eigentleg skulle vere ein vanleg treningstur på rulleski.
Etter berre nokre minuttar gåing stoppar trenarane for å ta nokre bilete i sola.
– Då var det allereie god spreiing i feltet. Slik er det ofte når vi er ute og går på rulleski, det vert veldig fort avstandar mellom utøvarane, seier den slovenske landslagstrenaren Ola Vigen Hattestad.
Då låg 19 år gamle Hana Mazi Jamnik framleis i gruppa, men ho hang litt bak.
Trenarane køyrer forbi utøvarane etter dei hadde passert, og ventar lenger framme på nok ein stopp.
Først kjem ei gruppe på tre utøvarar opp til stoppestaden. So kjem dei andre ein etter ein.
– Og so kjem jo ikkje Hana, då, seier Hattestad.
So høyrer dei sirener.
Trenarane hiv seg rundt og køyrer ned att der utøvarane kom gåande frå. Der ser dei ulukkesstaden og eit ambulansehelikopter.
– Det var forferdeleg, seier trenaren tydeleg rørt.
Utvikling og resultat ikkje viktige
Torsdag mista Jamnik livet på ein heilt vanleg treningstur med det slovenske skilandslaget i Strand i Rogaland.
– Hana var ei solstråle på laget vårt, seier Hattestad.
Han er tidlegare trenar for det norske kvinnelandslaget i langrenn. I mai tok han til som landslagstrenar i Slovenia for Jamnik sitt lag.
Han seier Jamnik alltid var blid og hadde godt humør. At ho kunne bryte opp dårleg stemning med ein god kommentar om fekk alle til å le.
– Ho var yngst på laget, berre 19 år, men ho synte ein enorm omtanke for andre.
– Eg hugsar nok ikkje alt frå den dagen. Det var jo ein fin dag, so vi hadde planlagt ein kombinasjonstur, seier Hattestad.
– Dei siste dagane har vore tøffe. Eg har det framleis tungt, men no har det gått eit par dagar. Det byrjar søkke inn, men det er klart det her har vore tøft, seier Hattestad.
Han og heile laget var på treningstur då Jamnik hamna i ei ulukke med ein lastebil. Ho vart henta av luftambulansen, men livet sto ikkje til å redde.
– Nett no er utvikling og resultat ikkje det viktigaste. Vi håpar jo at om noko postivit kan kome ut av dette, er det at samhaldet i gruppa vert styrka. Men det kjem til å ta tid og det vert tøft framover, seier trenaren.
Roser og lys vart fredag sett ned i tunellen nær der ulukka hende.
Foto: Even Hye Tytlandsvik Barka / NRKOmtanke for kvarandre
– Det var jo ein forferdeleg, uverkeleg, beskjed å få.
Laget til Jamnik fekk vite at ho hadde vore i ei ulukke, men ikkje kor alvorleg det var. Trenarane som hadde sett ulukkesstaden forstod omfanget tidleg.
– Det er klart, når dei fekk den beskjeden, om at ho var borte ... det var jo heilt sjokk, seier Hattestad.
– Vi brukte heile torsdagen på mykje tårer.
Laget var saman heile dagen. Både kommunen der ulukke hadde skjedd, Strand, og Sandnes, der laget hadde base, sette raskt ned kriseteam. Dei kom på kvelden og prata med utøvarane ein til ein.
– Vi er veldig takksame for det, seier trenaren.
– Dette kjem til å ta tid
Fredag avbraut landslaget treningsopphaldet sitt, og utøvarane reiste heim att til Slovenia. Her vil dei bli følgd opp vidare, noko også familien til Jamnik har fått tilbod om.
Hattestad seier at utøvarane vert godt tekne vare på, men at dette kjem til å ta tid å kome over.
– Før dei drog har vi snakka om at vi skal ta vare på kvarandre. Dei har synt mykje omtanke for kvarandre. Det vert viktig framover, seier han.
– Kva skjer framover no?
– No er utøvarane attende i Slovenia. Vi skal bruke tida framover til å kome over det her. Vi trenarane er jo att her i Noreg, først og fremst for å hjelpe familien med ein del praktiske ting som må ordnast.
Han seier det er uvisst kor lenge det er til dei fer til Slovenia, men at det truleg vert i løpet av neste veke.
– Då vert jo vår rolle igjen å prøve å ta vare på utøvarane. Og so får vi bruke tid. Vi veit eigentleg ikkje korleis dei neste vekene kjem til å sjå ut.
Legg det sportslege til sides
– Vi veit ikkje so mykje om kva som ventar oss dei neste vekene og månadane. Det vi har prata om i laget, er at Hana framleis skal vere med oss – hennar smittande vesen og positive haldning, seier Hattestad.
Han vil enno ikkje tenkje på korleis det vert å gå inn i ein ny sesong med slik ein skugge hengjande over laget.
– Nett no er utvikling og resultat ikkje det viktigaste. Vi håpar jo at om noko postivit kan kome ut av dette er at samhaldet i gruppa vert styrka. Men det kjem til å ta tid og det vert tøft framover.
– Nett no er det heilt uvesentleg med resultat, utvikling, det som idretten eigentleg dreier seg om.
Foto: Arild Eskeland / NRK