I Tyskland har oktoberfestivalen røter tilbake til 1810, og blir arrangert kvart år i slutten av september i München.
Og når det blir arrangert øl-festival i Egersund strøymer folk til. Med 3500 solgte billettar vil ein nok kunna høyra allsong og skåling frå byen ut i dei små timane.
– Ølet har me laga for festivalen og brygga på det lokale bryggeriet, pølsa kjem frå slaktemeistaren i byen og dei tyske drikkevisene blir sunge av Egersunds mandsangforening, kan Harald Berntsen stolt fortelja.
For festivalen handlar om mat-, song- og ølkultur. Noko som passar godt i haustmørket seier arrangøren, og kulturar som er samlande på tvers av generasjonar:
–Me har solgt billettar til heile tre generasjonar som skal sitja på same bord i byteltet, seier Berntsen.
Han ser fram til festivalen som skal vera denne og neste helg, og han legg til at dette ikkje er ein fullefest.
– I fjor varte arrangementet berre i to dagar, men me hadde ingen problem med bråk seier Berntsen.
Generalprøve med Egersunds mandsangforening.
Foto: Øystein Ellingsen / NRK