– Mange slit med kvardagen når feriebobla sprekk

Du sat på eit svaberg og såg utover havet. No sit du på kontoret og ser utover kavet. Det blir for hardt for enkelte, seier psykolog Ane Johnsen Lien, som merkar auka pågang etter ferien.

Sol og sommar på Solastranda

Ein ekstra fin sommar kan gje ein ekstra stor smell når kvardagen kjem.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me har merka auka pågang av folk i etterkant av- eller rett før ferien er slutt, seier psykologspesialist hjå Bjørnson Organisasjonspsykologene, Ane Johnsen Lien.

Feriefølelsen ebbar ut, og brunfargen bleiknar. Me har hatt ein historisk sommarleg sommar, og overgangen til vekkjarklokka og kneippskjeva kan vera friksjon på linje med sand i badebuksa.

– Det kan vera tøft å koma tilbake til jobb etter ferie. Det er ein overgang. Store endringar er tungt og mentalt krevjande, seier Johnsen Lien.

Ane J. Lien

Ane Johnsen Lien er psykologspesialist hjå Bjørnson Organisasjonspsykologene.

Foto: Bjørnson

Får tid til å tenkja

Ho meiner det å gå frå rolege dagar med sol, venner, god mat og kanskje meir alkohol enn vanleg, og tilbake til jobb og full fart, kan vera brutalt for enkelte. Noko som merkast på førespurnader frå klientar.

Kva er problemet?

– Når folk har fri har dei tid til å tenkja. Tid til refleksjon. Dei kjem kan hende fram til ting dei ikkje er nøgd med, ting dei ynskjer å endre. Me gjer opp status i eit litt større perspektiv, seier psykologen.

I tillegg lyftar ho fram rutinar, søvnmønster og stressmeistring som viktig i forbindelse med overgangen, og trur på det å gje seg sjølv litt tid til å slure i byrjinga.

– Gje deg sjølv ein mjuk start

I motsetning til vekkjarklokka kan sand i shortsen ristast av. Men med dei rette grepa kan du få ein balsamglatt overgang til haust og rutinar.

– Eg tenkjer at det handlar om å vere litt smart og systematisk. Og gje seg sjølve in litt mjuk og god start. Det handlar og om kva du har gjort for å førebu deg før ferien begynte. Det kan vere lurt å bruke dei siste dagane på jobb til å få rydda litt, få oversikt, og organisere pulten. Ikkje berre i forhold til ting, men og saker, slik at du veit kva som møter deg når du vender tilbake frå ferie.

Om mogleg så meiner ho det kan vera lurt å gjere den første veka litt kortare. Let ikkje det seg gjere, så er rådet å i alle fall unngå overtid dei første dagane.

– Legg inn litt pausar, pass på at du har greitt med tid og litt opningar i kalenderen. Start gjerne med ein god kopp kaffi med kollegaer, og del sommarhistorier med kvarandre. Ta ei mjuk landing, seier Johnsen Lien.

Vår på Vaulen

Sommaren har vore særskilt god i år. Dermed kan smellen bli tilsvarande større når den er over.

Foto: Erik Waage / NRK

Smittsam negativitet?

Du er på plass, dag ein er overstått, og du er allereie klar for fire nye veker med ferie.

Er det greitt å ventilera til kollegaer eller sjef?

– Ein skal vere litt bevisst på korleis ein snakkar om slike ting, då stress har ein tendens til å smitte. Me kan fort bli veldig negative, og litt sånn «huff så tungt det er å vere tilbake, uff og æsj!». Det gjer jo noko med det klimaet andre skal kome tilbake til og. Det går an å snakke om det at det er tungt, men då prøve å vera litt konstruktiv.
Psykologen foreslår å spørja seg sjølv «kva kan me gjera no for å ha det greitt på jobb?», og meiner ting som tid til prat og felles lunsj kan vera med på å letta overgangen.

Pangstart!

Kan leiinga i bedrifter gjera noko for å hjelpa dei tilsetje med fråspark etter ferie – og då som effekt hjelpa produktivitet i bedrifta?

– Eg trur det er viktig for ein leiar å tenkja at effekten går to vegar. Folk skal yte bra og ha det bra på jobb, og desse to tinga heng saman, det ser me jo. Difor kan det vera lurt for ein leiar å utnytte det at medarbeidarar kjem utkvilte frå ferie med nye idear i hovudet. Mange legg kickoff til tidleg august for eksempel.

Ho meiner dette kan vera ei god tid å legga til rette for kreative innspel og utvikling.

– Å kome tilbake til jobb og bli invitert inn i ein kreativ, positiv prosess der ein får følelsen av å få vera med på å påverka, det vil vera motiverande for mange, seier ho.

– Nyt helga og ettermiddagen

Korleis legg du så opp til ein perfekt start?

Unngå overtid sjølv om ting har hopa seg opp. Sjekk mail, orienter deg litt før start. Reis heim og nyt ettermiddagen. Bruk litt av den gode feriefølelsen i arbeidet. Ta vare på feriefølelsen så godt du kan. Me har framleis gode lyse kveldar. Nyt desse. Dagen er ikkje over når du er ferdig på arbeid!

Du er sjølv på ferie no, kjenner du deg klar for oppstart?

– Ja det gjer eg faktisk! Eg har allereie teke ein jobbdag denne veka. Det kjendest greitt. Eit viktig poeng er at ferien gjev folk anledning til å bruke tida si. Så lenge me føler at me får bruke ferien vår som me ynskjer, så er det veldig bra.

Psykologen understrekar viktigskapen av å vere bevisst på stressnivå- og respons heile året, ikkje berre i forbindelse med jobb-ferie overgang.