Hopp til innhold

Oilers-siger på bortebane

Stavanger Oilers gjorde jobben og slo Storhamar Dragons i den fjerde finalekampen. Dermed er laga nå like langt, og det står 2–2 i finalekampar.

Dan Kissel

Dan Kissel scora for Oilers. Her i den første finalerunden mot Storhamar.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Kveldens finalekamp mellom Oilers og Storhamar blei spelt i ein fullsett Hamar OL-Amfi.

Stavanger Oilers fekk ein pangstart og etter første periode stod det heile 3–0 til Stavanger-laget. I andre periode la Oilers på til 4–0 før to kjappe mål frå Storhamar gjorde at laga gjekk til ny pause på stillinga 4–2. Då det berre stod att sekund av kampen la Peter Lorentzen på til 5–2 for Oilers, som også blei sluttresultatet.

Storhamar leia 2–1 i finalekampar før dagens kamp, nå står det 2–2. Det står att tre finalekampar. Tysdag møtes dei to laga igjen i Stavanger.

Sjå måloversikta her:

Laster innhold, vennligst vent..