NRK Meny
Normal

Oilers inviterer til gullkamp laurdag

Stavanger Oilers valsa over Stjernen på heimebane i kveld. Det betyr at laget kan bli seriemeistrar heime mot Storhamar på laurdag.

Oilerstrenar Petter Thoresen i DNB Arena

Oilers-trenar Petter Thoresen i DNB Arena i ein tidlegare kamp.

Oilers opna kampen svært godt og leia heile 4-0 etter første periode

Måla blei laga av Christian Dahl Andersen, Kristian Forsberg og Mathias Trettenes.

I andre periode la Tommy Kristiansen på til 4–0.

Dei siste tre måla til Oilers blei laga av Kristian Forsberg, Adrian Veideman og Dan Kissel.

Sigeren i kveld betyr at Oilers kan sikra seriemeisterskapet heime mot Storhamar på laurdag. Kampstart er klokka 16.

– Det er gøy å sjå gutane så på «høgget» som i dag, og eg føler meg trygg på at me kjem til å gjera ein god kamp på laurdag, seier Oilers-trenar Petter Thorsen til NRK etter kampen.

– Kva betyr det å få ein seriefinale på heimebane nå og kunna avgjera serien nokre rundar før det er slutt?

– Storhamar slo oss sist dei var her, så me må spela godt for å få tre poeng. Men i dag såg me solide ut, seier Thoresen.

Oilers-jubel

Det var god grunn for heimefansen å jubla for Oilers torsdag kveld.

Foto: Øystein Ellingsen