NRK Meny
Normal

Oilers fortset på vinnarsporet

Stavanger Oilers har stø kurs mot eit nytt seriegull. Laurdag ettermiddag imponerte laget mot Stjernen. Nå er Oilers 11 poeng før nummer to på tabellen.

Dan Kissel og Mathias Trettenes jublar

Dan Kissel og Mathias Trettenes kom begge på skåringslista mot Stjernen. (Arkivfoto)

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

Det begynte best for gjestene frå Stjernen. Etter mindre enn eit halvt minutt hadde dei tatt leiinga. Deretter tok heimelaget Stavanger Oilers over, kan ein trygt påstå.

Utlikninga til 1-1 blei unnagjort før første periode var over. Målet sto Mathias Trettenes for. Og i løpet av andre og tredje periode blei det først 2-1 ved Josh Soares. Deretter 3-1 ved Dan Kissel og same mann sørga også for 4-1, men då etter pasning frå nettopp Josh Soares. Daniel Bøen Rokseth avslutta det heile med 5-1 like før slutt.

Dan Kissel

Dan Kissel teikna seg for to skåringar mot Stjernen.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Stø kurs

Med denne sigeren er Oilers oppe i 11 poengs leiing på Sparta Sarpsborg, men med ein kamp meir spelt. Stjernen fortset på sjuande plass, av tilsaman 10 lag i Get-ligaen.

Utanlandsk på topp

Josh Soares sto for eitt mål og ein målgjevande pasning i dag. Han er den beste poengplukkaren i laget. Deretter kjem tomåls-skåraren i dag, Dan Kissel. Først på fjerdeplass på poenglista dukkar Mathias Trettenes opp.

Oilers

Josh Soares er toppskårar i Oilers denne vinteren.

Foto: Erik Waage / NRK