Hopp til innhold

Oilers er klar for finalen

Etter ein av dei mest dramatiske semifinalekampar i historia, er Oilers klare for finalen i ishockey-NM. Det tok over 40 minutt med spel i overtid før sigeren var i hamn.

Oilers er klar for finalen i ishockey-NM

Oilers er klar for finalen i ishockey-NM etter dramatisk fem-periodars kamp mot Vålerenga.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

92 minutt var gått, då Nick Plastino sette pucken i mål og Oilers hadde vunne 4–5 på bortebane mot Vålerenga. Då hadde laga spela over 40 minutt forlengingstid, og dei var over halvvegs i femte periode. Vanlegvis er ein kamp avgjort i løpet av tre periodar.

Vålerenga byrja best

Etter to periodar var heimelaget Vålerenga i leiinga med 3–1.

Vålerenga gjekk opp til 2–0 i første periode, før Josh Soares klarte å redusera for Oilers mot slutten på omgangen.

I andre periode var også Vålerenga det beste laget og auka leiinga til 3–1.

Tredje periode byrja med at Oilers reduserte etter om lag fem minutts spel. Mats Larsen Mostue sto bak den scoringa. Men då det såg ut som Oilers skulle ta over spelet, kom Vålerenga tilbake eit par minutt seinare og det sto 4–2 i siste periode.

Oilers gav seg likevel ikkje og midt i siste periode var det tid for ny redusering til 4–3. Jean-Michel Daoust var mannen bak den tredje Oilersskåringa.

Oilers har igjen og igjen vist at dei kan koma tilbake i kampar dei ligg under. To minutt før full tid viser dei det på nytt. Kristian Forsberg er sist på pucken og det er utlikning til 4–4.

Første målet vinn

Dette er ein kamp det kjem til å bli snakka om lenge i ishockey-kretsar. Første ordinære ekstraomgang fram til 80 minutt, gjekk utan at det kom noko avgjerande mål.

Så gjekk laga laus på neste ekstra-periode, før Oilers kneip sigeren litt over halvvegs i den femte omgangen. Dermed har Oilers gått gjennom kvartfinalar og semifinalar utan eitt einaste tap.

Best av sju kampar

Oilers har vunne både dei to bortekampane og dei to heimekampane i semifinalespelet. I finalen er det truleg Storhamar som blir motstandaren.