Hopp til innhold

Oilers er ikkje lenger på topp

Stavanger Oilers vann til slutt kampen mot Lørenskog, men dei tapte eitt poeng. Dermed er det Vålerenga som nå tronar øvst på tabellen.

Oilers jubler

OILERS: Juha-Pekka Loikas og Kurt Davis. (Arkivbilete frå kontinentalcupen i Rouen i Frankrike)

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Då Vålerenga slo Tønsberg 3–7 på laurdag var det klart at Oilers måtte ha tre poeng for å halda seg på tabelltoppen etter runde 41 i eliteserien i hockey.

Oppgjeret mot Lørenskog blei jamt, og stavangerlaget jaga ein siger, men Lørenskog klarte alltid å utlikna. Resultatet blei etter tre periodar 4–4 og til slutt måtte kampen avgjerast på straffeslag.

Oilers trakk det lengste strået, men poengtap gjer at Vålerenga nå tronar øvst på tabellen. Det står att fire kampar og den siste er mellom Vålerenga og Oilers i Jordal Amfi den 4. mars.

Andre resultat frå den 41. runden av eliteserien:

Sundag: Lillehammer – Stjernen 4–2 (1-1, 2-0, 1-1), Lørenskog – Stavanger 4–5 e. str. (1-2, 2-1, 1-1, 0-0, 0-1), Rosenborg – Sparta Sarpsborg 2–6 (1-3, 1-2, 0-1), Storhamar – Frisk Asker 3–1 (1-0, 1-1, 1-0).

Laurdag: Tønsberg – Vålerenga 3–7 (1-2, 1-5, 1-0).