Hopp til innhold

Oilers er i flytsona

Ishockeylaget Stavanger Oilers noterte seg for nok ein seier på heimebane, søndag kveld.   Nå nærmar dei seg Comet på tabellen.

 

Stavanger Oilers tok ein ny seier på heimebane i toppdivisjonen i ishockey i går.

1615 tilskodarar såg at Oilers vann 2-0 over Stjernen.

Mål: 1. periode: 1-0 (14.44) Pål Kristian Gulbrandsen (Snorre Hallem). 2. periode: 2-0 (23.45) Andreas Pettersson (Fredrik Sundin, Brendan Brooks).

Stavangerlaget ligg nå på sjette plass på tabellen med 64 poeng.

Det er sju poeng opp til Comet på femteplass, og heile 20 poeng opp til Vålerenga, som toppar med 84 poeng.