Bønder utan odel slit med å kjøpe gard

Det blir stadig færre aktive jordbruk i Noreg. Ein av grunnane er familiar som vil bu på slektsgarden, men ikkje drive den. – Kjenslene trumfar omsynet til landbruket, seier forskar.

Asgaut Søyland

Asgaut Søyland hadde ikkje odel. Men etter lang tids leiting, fekk han omsider kjøpt seg gard – og stortrivst.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eg skulle gjerne sett at dei med gard i familien, men kor ingen vil drifte jordbruket, vurderer å selje til nokon som faktisk vil drive det, seier Ole Eriksen, rektor ved Vinterlandbruksskulen i Rogaland.

Ole Eriksen

Rektor Ole Eriksen trur landbruket hadde tent på å sleppe fleire utan odel til.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I jobben møter han unge, ivrige bønder med ein draum om å drive gard. Men for dei som ikkje har ein gard å arve, er det vanskeleg å få til.

– Mange bønder har lyst på yngre kollegaer. Det ville vore positivt å få inn desse, seier han.

Berre éin av ti gardar blir selde på den opne marknaden i Noreg, ifølgje SSB. Det gjer prisen høg og konkurransen stor.

– Viss det kom ein gard, var det veldig mange interesserte. Dei fleste var for dyre og for små, seier Asgaut Søyland.

Han drøymde om ein gard, men hadde ikkje odelsrett. Det viste seg å bli vanskeleg.

Asgaut Søyland

Etter lang tid fekk Asgaut Søyland kjøpt seg gard. – Som å vinne i lotto, seier han.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Kjenslene styrer

– For mange familiar er det viktig å ha garden i slekta. Det er knytt sterke kjensler og identitet til eigedommen, seier Frode Flemsæter, forskar ved Ruralis.

Frode Flemsæter

Frode Flemsæter ved Ruralis har forska på kjenslene folk har til familiegarden.

Foto: Privat

I staden for å selje garden til nokon som vil drive, vel mange å heller leige ut landjorda eller splitte opp bruket – men å bu i huset.

Talet på jord som blir leigd ut har auka med 121 prosent i Noreg dei siste 18 åra, ifølgje Landbruksdirektoratet. Det er nesten halvparten av jordbruksjorda i landet.

– Du spør både din avdøde oldefar og komande barnebarn: «Kva meiner du – skal me selje bort eller å behalde?», seier Flemsæter, som har forska på folk sine kjensler til familiegardar.

– Mange føler eit stort ansvar. Sjølv om du eig garden på papiret, går eigarskapet symbolsk på tvers av generasjonane. Det ansvaret kan vere bra for familien, men det er ikkje sikkert det er like bra for norsk landbruk, seier han.

Asgaut Søylands gård

Denne garden på i Time kommune i Rogaland er ein av få som har blitt seld på den opne marknaden dei siste åra.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Færre gardar med drift

Det er vanskeleg å talfeste kor mange som ønskjer gard, men som ikkje får kjøpt. Men både hos Ruralis, Fylkesmannen i Rogaland, Bondelaget og ulike jordbruksskular stadfestar dei biletet:

– Erfaringa mi tilseier at det ikkje er lett å få tak i ein gard for dei som ikkje har ein å overta, seier Ole Eriksen ved Vinterlandbruksskulen i Rogaland.

I dag er det berre aktivt landbruk på éin av fire norske gardar, ifølgje SSB. Og det blir stadig færre.

Forskarane peiker på den internasjonale marknaden, med stordrift, effektivisering og ny teknologi som grunnar til dette.

Men også odelslova speler ei viktig rolle. Den har vore omdiskutert sidan den blei innført i 1814. Då skulle den sikre lokale eigarar, og hindre spekulasjon og oppkjøp.

– Men lova har alltid hatt mange kritikarar, og skapt konflikt blant bønder, seier Eirik Magnus Fuglestad ved Ruralis, som har forska på odelsretten.

Eirik Magnus Fuglestad

Eirik Magnus Fuglestad seier odelsretten er omdiskutert.

Foto: Ruralis

– Den kan ha ført til at mange som eigentleg ikkje har så lyst til å drive gard, likevel kjem inn – og motsett, seier Fuglestad.

Men for Asgaut Søyland blei draumen oppfylt likevel – etter lang tid på leiting.

– Det er akkurat som å vinne i lotto. Eg har vunne nokre 50-lappar oppgjennom, men dette er toppremien! seier han.

Asgaut Søyland

Asgaut Søyland er sikker på at han har hamna i rett yrke.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK