Hopp til innhold

Obrestad fyr i ny fargedrakt

I desse dagar arbeidar kunstnaren Lucy McLauchlan for fullt med å dekorera Obrestad fyr med gatekunst. – Så langt har me berre fått positive tilbakemeldingar, seier Ingunn Nord-Varhaug ei av dei som tok initiativ til prosjektet.

Fyret som har stått kvitmåla ute i havgapet på Jæren i alle år gjennomgår nå ei radikal endring.

Om ei dryg veke skal tårnet ha ei heilt ny fargedrakt, for då opnar Nuart utstillinga som skal kombinera gatekunst og natur.

Bykunst på landet

– Å la eit område på Jæren, heilt i skjeringspunktet mellom sjø og land, vera utgangspunktet for internasjonal street-art er å utfordra den tradisjonelle konteksten for denne type kunst. Kunstprosjektet nyttar eit freda anlegg, eit fyrtårn, som ligg langt frå eit bymiljø, skriv festivalen i eit presseskriv.

For gatekunstfestivalen Nuart høyrer først og fremst Stavanger til, men det var Hå gamle prestegard som sjølv ville at gatekunsten også skulle koma til Jæren.

– Lucy målar svært organisk og det passar godt inn i landskapet her, seier Ingunn Nord-Varhaug ved Hå gamle prestegard.

Vil få stå i eit år

– Korleis reagerer folk på at det kvite fyret har blitt fargesprakande?

– Så langt har me berre fått positive kommentarar, folk tykkjer at det er sprekt og tøft. Negative innvendingar har ikkje kome meg for øyre, seier ho.

Og for dei som skulle vera urolege for det freda bygget kan Nord-Varhaug fortelja at kunsten vil bli måla over etter eitt år.

– Då vil fyret få sin originale farge, seier ho.

Men kven veit. I Stavanger var planen at eit kunstverk måla på veggen på eit kjøpesenter i 2009 skulle målast over.

Trass i at kjøpesenteret blei pussa opp bestemte leiinga seg for at måleriet fekk stå delvis grunna statusen det har fått i byen.

Den 30. september skal Obrestad fyr vera heilt klart, og då opnar også utstillinga. 1. oktober er opningsdagen for Nuart-festivalen.