Få vil spele det same som Pia (10)

Det er så få som speler harpe at det blir sett på som eitt av fem utryddingstruga instrument. Men det vil nokon gjere noko med.

Pia Leonora Bjellan Fossan speler harpe

UNG HARPIST: Pia Leonora Bjelland Fossan har spelt harpe i snart tre år, og vil spele resten av livet. Men det er ikkje mange som vel det same som henne.

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

– Eg synest harpe er så fint å spele på, sidan ho lagar så fin lyd. Det høyrest ut som ein er i himmelen, seier Julia Karen Olea Paulsen (13) frå Hamarøy.

Leonora Paulsen speler harpe

FAVORITTINSTRUMENT: Julia Karen Olea Paulsen frå Hamarøy har spelt harpe i ca. eitt år, og synest det er kult å få moglegheita til å spele samen med mange andre harpistar i Stavanger.

Foto: Marie Håland / NRK

«Norsk dans nr. 2» av Edvard Grieg, eller «Noreg Rundt-melodien» om du vil, fyller rommet harmonisk på Stavanger kulturskule. Og det berre ved hjelp av harper.

– Eg speler harpe fordi det er ikkje så mange som gjer det, og det er eit veldig gøy og spesielt instrument, seier Pia Leonora Bjelland Forsaa frå Stavanger.

Og ho har heilt rett. Det er ikkje mange som speler harpe i Noreg. At det har vore heile 21 harper i eitt og same rom er ikkje kvardagskost.

Det er så få som speler harpe, men Pia og Julia Karen elskar å spela på instrumentet.

– Mest sjeldne instrumenta me har

Kulturskuleelevar frå heile landet var nyleg samla i Stavanger for å spele, og fokusere, på instrument som blir rekne som truga: Harpe, obo, fagott, kyrkjeorgel og kontrabass.

Det er prosjektet «Instrumenter i fokus» som står bak samlinga. Dei har som mål og rekruttere fleire musikantar til desse instrumenta.

– Dette er dei mest sjeldne instrumenta me har i Noreg, og me pleier å seie dei er utryddingstruga, seier Marion Walker som er underviser i Norsk Dobbeltrørlag, ein organisasjon for obo og fagott.

Marion Walker, underviser Norsk Dobbeltrørlag, obo og fagott

TIGERINSTRUMENT: Marion Walker underviser i obo og fagott, og jobbar i Kristiansand Symfoniorkester. Oboane og fagottane i bakgrunnen er tigerfarga, fordi tigeren også er utryddingstruga.

Foto: Marie Håland / NRK

Ho seier dei treng fleire til å spele desse instrumenta.

– Me må utnytte dei plassane som eigentleg finst i landets orkester og korps. Nå er det berre masse notar som støvar ned.

Ikkje «begynnarinstrument»

I Tyskland er harpe utruleg populært. Og i Malmö er obo- og fagottmiljøet større enn i heile Noreg. Så kvifor er dei tre og kyrkjeorgel og kontrabass på raudlista her i landet?

– Dei er ikkje moglege å velje i dei fleste områda i landet, og det er ikkje faste undervisingstilbod. Då ender ein opp med å velje noko anna, seier Alf Richard Kraggerud som er fagleg rådgjevar i «Instrumenter i fokus».

Kontrabass med bue

Kontrabass med boge. Eit anna av dei fem «utryddingstruga» instrumenta.

Foto: Colourbox

Han fortel at desse instrumenta ikkje er typiske «begynnarinstrument» historisk sett, og at folk heller har gått over til dei seinare.

– I dag finst det gode instrument å begynne med, men desse må bli kjøpt inn og så må det bli oppretta undervisingstilbod og lærarar.

Harper

VERE SYNLEG: Det er viktig å eksponere barn og unge for instrumenta, meiner Alf Richard Kraggerud i «Instrumenter i fokus»

Foto: Marie Håland / NRK

Har tru på ei framtid

Kraggerud er uroa for rekrutteringa, men seier at etter prosjektet deira vart oppretta i 2016 så har det vore ei positiv utvikling.

– Ein av grunnane er at det er oppretta nasjonale foreiningar for instrumenta. Og sommarkurs, og helgeseminar som det i Stavanger, skaper eit godt miljø og fleire musikantar, seier Kraggerud.

Men det er framleis sårbart, meiner Walker.

– Det skal ikkje mykje til for at barn og unge sluttar. Då det ikkje var seminar i fjor var det mange som hoppa av.

Og nettopp derfor er det viktig med ei slik helg som det har vore i Stavanger.

– For mange betyr dette at dei ikkje vil slutte å spele, og me får mange nye gøye måtar å lære musikk på.

Sjølv om instrumenta blir sett på som utryddingstruga, så har Walker tru på ei framtid for dei.

– For dei som får vite om, og får tilgang til, så er interessa for instrumenta stor.

Konsert med obo, fagott, orgel, harpe, kontrabass i Stavanger konserthus

Helgas øvingar resulterte i ein konsert med bestillingsverk av Nils Henrik Asheim. Då fekk fagottane, oboane, kyrkjeorgla, harpene og kontrabassane skrinne.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK