Hopp til innhold

Politiet har funne drapsvåpenet

Politiet meiner nå at dei har funne ut kva kniv ein 22 år gamal mann brukte til å drepa begge sine foreldre på Tasta førre veke. – Det er ein type kniv som du finn i dei fleste heimar, seier politiinspektør Ernst Rossebø.

Åsted på Tasta

DRAPA PÅ TASTA 01.07.2013: Det var i dette huset på Tasta ein 55 år gamal mann og kona hans på 52 år blei drepne. Drapsmannen er ifølgje politiet den 22 år gamle sonen deira, som seinare på kvelden døydde i ei trafikkulukke på Tasta.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

Ei veke etter dobbeldrapet på Tasta er den førebelse obduksjonsrapporten klar.

Denne stadfestar at den 55 år gamle mannen og den 52 år gamle kona hans døydde av knivstikka frå sonen deira. Sonen døydde seinare i ei trafikkulukke i Bjerkreim.

Politiet meiner også at dei nå veit kva som er mordvåpenet, og dei jobbar ut frå ein teori om at sonen var aleine med far sin, då han blei drepen på adressa på Tasta.

– Me har konkludert med at det er ein kniv som er drapsvåpenet. Me vil ikkje sei noko meir om kva type kniv det er som er brukt, men det er ein kniv du finn i dei fleste heimar, seier politiinspektør Ernst Rossebø, til NRK.no.

– Mannen døydde først

I ei pressemelding sendt ut måndag ettermiddag skriv dei:

«Politiet arbeider ut ifra en teori om at mannen var alene i huset med gjerningsmannen på drapstidspunktet. Den 52 år gamle moren kom trolig hjem senere på ettermiddag/kveld den 1. juli og døde på sykehus natt til tirsdag 2. juli, etter å ha blitt påført flere alvorlige knivstikk.»

Dei trur dødstidspunktet for 55-åringen er ein gong mellom 14.00 og 17.00. Det var klokka 16.30 politiet fekk den første meldinga om rare lydar på adressa, som dei valde å ikkje rykka ut på.

Politiet skriv vidare i pressemeldinga at motivet for drapa framleis er ukjent.

Politiet jobbar framleis på åstaden, men det står ikkje att spesielt mykje arbeid nå. Når den endelege obduksjonsrapporten er klar, noko som kan ta månader, vil saka gå til påtalestyresmaktene.

Hendingsgangen for Tasta-drapa:

  • Mellom klokka 14.00 og 17.00 – politiet trur at ein 55 år gamal far og den 22 år gamle sonen hans er aleine i huset deira på Tasta, og at sonen drep faren sin med kniv ein gong mellom desse klokkesletta.
  • Klokka 16.30 – ein tenåringsgut ringer til politiet og fortel om rare lydar frå den aktuelle adressa. Politiet såg ikkje på meldinga som alvorleg, og rykka ikkje ut til adressa.
  • Klokka 20.08 – politiet får melding om at ei kvinne mot sin vilje blir dregen inn i den aktuelle bustaden.
  • Klokka 21.18 – politiet går for første gong ut og stadfester at dei har funne ein død mann (55) i eit hus på Tasta. Dei opplyser også om at ei kvinne (52) på same adresse er hardt skadd.
  • Klokka 21.30 – ein mann dør i ei frontkollisjon på E39 i Bjerkreim. Politiet trur dette er sonen til ekteparet som blei funne på Tasta. Bilen han køyrde var registrert på mora. Han krasja med ein lastebil, sjåføren av denne fekk lettare skadar.
  • Klokka 03.03 – Stavanger universitetssjukehus melder at den hardt skadde kvinna er død, som følgje av stikkskadane ho hadde fått tidlegare på kvelden.