Kjære kyrkjelyd!
Eg håpar de alle har hatt ei fin julehøgtid, og at de har fått brukt perioden til å både senka skuldra, pusta ut og lada opp batteria saman med venner og familie.
Eit heilt nytt år ligg framføre oss. Det ligg der blankt og fullt av håp. Nytt, ubrukt og fullt av moglegheiter, men kanskje også med utfordringar og overraskingar. Årets slutt er verken ein slutt eller ein start, men eit framhald, med all den visdom som erfaring kan fylla oss med.
Den erfaringa me tar med oss inn i fortsetjinga, er at gullalderen for norsk økonomi er på hell. Mykje tyder på at 2015 blir eit brattare år enn året som nå tikkar ut. Svak krone og kraftig fall i oljeinvesteringane gjer at Statistisk sentralbyrå i stor grad jekkar ned vekstestimatane for norsk økonomi. Heldigvis meinar sistnemnde at aktivitetsveksten i norsk økonomi tar seg opp igjen i 2016.
Likevel ser me at det vil bli tøffare tider for mellom anna kommunesektoren. Sidan 2005 har Bokn hatt ein god auke i dei frie inntekta. Men etter sju gode år fylgjer ofte sju dårlege år. For Bokn ser det ut for at me vil måtte strame inn i tida framover. Nedstenginga av gasskraftverket på Kårstø er ein medverkande årsak til at Bokn får ein tøffare økonomi neste år.
Mange spennande prosjekt i Bokn
Men det er god indremedisin i å trekka fram det positive som har skjedd, og sjå litt på dei spennande moglegheita som ligg framføre oss. I løpet av 2014 har det blitt starta opp og gjennomført mykje arbeid som er viktig for boknasamfunnet, som også vil bidra til at Bokn framstår som ein attraktiv, spennande og moderne kommune. Noko som vil kunne bidra til at folketalet kryp oppover - noko alle kommunar er svært avhengige av.
Skal folketalet gå opp, må folk ha ein stad å bu. Arbeidet med å utvida bustadfeltet på Fyren og utbetring av Fyrvegen starta opp i haust, og prosjektet vil gje oss nye bustadtomter når det står ferdig ut på vårparten 2015. I tillegg er det fleire private bustadprosjekt som har blitt gjennomført i år, og fleire vil bli starta opp i 2015.
Mykje viktig førebuande arbeid er gjort i samband med planlegginga av fleirbrukshall i Føresvik, og ein milepæl blir nådd over nyttår når anbodsarbeidet kjem i gang. Ein tek sikte på oppstart av grunnarbeidet i fyrste halvår 2015. For boknarar i alle aldre vil ein slik hall bli ein stor ressurs, samstundes som det er eit nytt og viktig tilbod i samband med marknadsføringa av kommunen.
Tilbod om fiberbasert breiband er viktig for ein moderne kommune som ynskjer å vera attraktiv, og er blitt ein like sjølvsagt del av infrastrukturen som vatn og avløp. Utrullinga av fiberbasert breiband i Bokn er inne i sluttfasen, og har til nå sikra svært mange boknahusstandar- og verksemder stabilt og kraftig breiband til alle delar av kommunen.
Også planlegginga av Rogfast går sin gang. Kommunestyret i Bokn vedtok den 24. juni planprogrammet for Rogfast. Med det godkjende det den endelege trasèen for Rogfast frå Lauplandsvågen til Knarholmen. Det blei då satt ned eit tverrpolitisk arbeidsutval, Rogfastutvalet, som skal jobba opp mot Rogfastprosjektet. Reguleringsplanarbeidet går for fullt og ifylgje prosjektleiar Tor-Geir Espedal vil kommunen motta forslaget til reguleringsplan på nyåret. Oppstartstidspunktet er rett nok endra noko, nå er det snakk om oppstart i 2017 med ferdigstilling i 2024-2025. Prosjektet er nå kostnadsberekna til 13,8 mrd. kroner.
Samstundes er det frå regjeringa satt av planleggingsmidler til firefeltsveg mellom Lauplandsvågen og Aksdal. Det er usikkert kva tidshorisont vegmynda har på dette prosjektet, men signal me har fått tydar på at sentrale krefter ynskjer å sjå prosjektet i samanheng med Rogfast og planlegge for ein samanhengande motorveg mellom Ålgård og Bergen. Me veit då at dette inneber ny kryssing av Boknasundet lenger sør. Dermed kan boknasamfunnet på sikt sjå ein ende på ulempa det er å ha ein europaveg gjennom dei mest tettbygde områda av kommunen.
Kommunestruktur
Nytt vegsamband til Tysvær kan gi næring til forkjemparane for ei anna sak som vil krevja mykje merksemd og som vil leggja beslag på verdfull arbeidstid hjå kommuneleiinga i Bokn; Kommunestruktursaka. Trenden i Noreg og elles i Europa er å konstruera store, sentraliserte samfunnseiningar. Regjeringa er ambisiøs i så måte og har starta opp ein kommunereform som inneber at ein tek sikte på å redusera talet på kommunar her i landet.
Kommunane på Haugalandet blei i haust inviterte til å bli med i ein prosess for å vurdera og avklara om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Bokn og Tysvær gjennomførte - i samarbeid med Telemarkforsking - alt i 2005 og 2006 ei omfattande utgreiing med omsyn til å slå saman dei to kommunane. Dette arbeidet munna hausten 2006 ut i ei rådgjevande folkeavrøysting som resulterte i at 78 % av boknarane røysta mot kommunesamanslåing.
Det er neppe nokon løyndom at eg ikkje er veldig glad i denne reforma, og det handlar ikkje om at boknarane ikkje meinar at t.d. Tysvær er ein god nok kommune å slå seg saman med, men det handlar fyrst og fremst om at boknarane vil styra i eige hus og vera eigen kommune - slik ein har vore i 165 år. Blir kommunehuset stengd, forsvinn ein pilar i samfunnet, og då kan i neste omgang fleire fort falla. Dette veit me frå andre land som har gjennomført den same øvinga, slik som i nabolandet vårt Danmark.
Gjennom 165 år har generasjonar av kommunestyrerepresentantar i Bokn tilpassa og forma lokalsamfunnet vårt, og har skapa ei tenesteform- og kvalitet som er godt tilpassa våre forhold og behov. I dag kjem me svært godt ut på dei fleste typar målingar og kommunebarometre når det gjeld tenestekvalitet, og det meinar eg heilt sikkert kan tilskrivast det at me styrar i eige hus.
Ei endring av nye kommunegrenser er ei sak som er svært vanskeleg - om ikkje umogleg - å gjera om. Sannsynlegvis vil ein aldri klare å overtyde storsamfunnet om at Bokn bør vera ein eigen kommune viss kommunestatusen skulle gå tapt. Eg meinar det er verdt å kjempe for det lokale sjølvstyret, slik våre forfedre gjorde det i 1850. Det sat langt inne å gi Bokn kommunestatus den gang, det vil sitja endå lenger inne å gi oss denne statusen i framtida. Å ha ein kommunestatus er svært verdfullt og unikt, og gir oss svært mange føremoner og mogleheitar.
Regionrådet for Haugalandet handsama i oktober spørsmålet om kva rolle rådet skal ha i prosessen. Medlemskommunane, med unntak av Bokn og Tysvær, bestemte seg i møtet for å gå i gang med eit forprosjekt kor det til våren skal leggast fram eit forslag til vidare prosess. Hastverk er eit viktig element for dei ansvarlege bak reforma. Likevel gjorde kommunestyret i Bokn på møte i haust vedtak om å utsetja arbeidet med reforma til proposisjonen om kommunane sitt nye oppgåvebilete blir lagt fram på vårparten. Sjølv om det er delte meiningar om dette, meinar eg nok me kan ta oss tid til å få fleire premisser på bordet.
Heilt sidan formannskapslovene blei innførte i 1837 har kommunane vist ein enorm tilpasningsevne i takt med endra oppgåvebilete, og lite tydar på at denne evna er svekka - snarare tvert imot! Det er ulike ståstader i dette spørsmålet, farga av alt frå eigne ambisjonar, politisk agenda og ambisjonar, tidlegare erfaringar kring kommunesamanslåing, kor i landet ein bur, posisjonering av eigen kommune osb. Å skapa store samfunnseiningar er i tida i Noreg og resten av Europa. Politireforma er eit anna døme på ynskjet om å sentralisera samfunnsinstitusjonar og skapa store einingar. Kommunereforma og politireforma er altså knytt til vår tids samfunnsstrømmingar, og er - når ein tenker etter - to sider av same sak. Om det er ein rett veg å gå vil tida vise. Eg meinar eg veit svaret.
Sjølv om storsamfunnet pressar på for at bygder som Bokn skal miste sin kommunestatus, har me i kommuneleiinga eit ansvar for å drive og vidareutvikla lokalsamfunnet. Og det skal me gjera. Det er svært mange oppgåver og prosjekt å jobba med, sjølv om det er både ressurs- og tidkrevjande for alle som har arbeidet sitt på Boknatun.
2015 blir eit krevjande, men godt år
Det er ikkje mykje me kan vera sikre på ved inngangen til eit nytt år. Men me veit at med dei kalenderblada me endå ikkje har snudd, så kjem det både sorg og glede, frustrasjon og begeistring. Så har me alle lov til å håpa på det beste. For oss sjølv og våre nærmaste. For naboar og venner, for ikkje å seie alle menneske! For trass i alle tabloide oppslag, velg eg å tru at 2015 blir eit godt år. Eit krevjande, men godt år.
For eg vil heller vera optimisten frå det kjente sitatet til den amerikanske forfattaren William E. Vaughan: «En optimist er oppe fram til midnatt for å ønske det nye året velkommen. En pessimist holder seg oppe for å forsikre seg om at det gamle året forsvinner».
God nytt år!
Kyrre Lindanger Ordførar i Bokn kommune