Hopp til innhold

Nyttårstale 2015 fra ordfører Reinert Kverneland i Time kommune

Ordførar Reinert Kverneland sin nyttårstale 1. januar 2015.

Godt nytt år, alle saman.

Eg vil takka alle dykk som set av denne første dagen i året for å vera her, og ikkje minst vil eg takka dei som bidreg musikalsk til å markera det nye året på ein så fin måte. Det set me stor pris på.

Eit nytt år betyr nye moglegheiter og nye utfordringar. Kommunen veks med mellom 2 og 4 % kvart år. I 2017/2018 vil kommunen passere 20 000 innbyggjarar frå dagens vel 18 000.

Me er heldige – me bur i ein kommune og ein del av landet der mange vil bu, og me bur i ein del av verda der freden rår. Me har nok av det meste, og i den store samanhengen kan utfordringane me jobbar med sjå små og forbigåande ut. Men med alt me har og alt me får til, følgjer også ansvaret for å forvalta det på beste vis. Og jo meir dei fleste har, desto vanskelegare vert det å ha lite – det er også noko me skal tenkja på i kvardagen.

Time kommune sin visjon er å vera trygg og framtidsretta. Alle dei som bur, jobbar og driv næring her, skal vera trygge på å få dei tenestene dei treng til rett tid, og dei skal også kunna forventa at kommunen er framtidsretta og i omstilling. Det er også viktig for kommunen å vera open og i dialog med innbyggjarane slik at både politikarar og administrasjon kan forstå behov og leggja til rette for medverknad.

Med sterk vekst seier det seg sjølv at mange av innbyggjarane kjem frå andre kommunar og også frå andre land og kulturar, og skal finna seg til rette her i Time. Då er dei gode nettverka og møteplassane me har i byen og bygdene våre viktige for å inkludera innflyttarane i kommunen. Me må ta vare på dei som kjem som flyktningar til kommunen så dei kan vera ressursar i lokalsamfunnet her. Mange kjem også frå andre land fordi me treng arbeidskraft her i kommunen og i heile regionen, og også for dei må Time vera ein god stad å bu.

Bryne har fått visjonen «byen på Jæren – med drivkraft for næring, læring og kultur». Me ser ikkje minst på dei årlege bykonferansane at det er mange som vil vera med på å setja sitt preg på byen og utvikla han vidare. Det er viktig å få med alle desse gode kreftene nå når sentrumsplanen vår skal vedtakast i år, og gjennomførast i åra som ligg framfor oss.

No skal me i gang med oppgradering av fleire område, slik at byen vert enno betre å vera i. Eg ser fram til fornyinga av området rundt Mølledammen, Kaizers plass, shared space og ikkje minst det nye ungdomskultursenteret som veks fram nede ved Bryne Mølle. Det er viktig for alle i kommunen å ha ein by som dei trivst i, og som er eit godt bysentrum for innbyggjarane både i Time og dei andre jærkommunane.

Eit byutviklingsprosjekt som verkeleg gjev trivsel og glede i byen er den vakre utsmykkinga i Bryne kyrkje – me gleder oss til alle glasmåleria til Per Odd Aarrestad er på plass og set sitt preg på byen. Ikkje minst no i mørketida er det vakkert når lyset skin ut gjennom fondsveggen i klare, sterke fargar.

Sjølv om det er Brynes Vel som byggjer brua Midgardsormen i det vakre Sandtangen-området, så er både Time og Klepp kommunar viktige støttespelarar og bidragsytarar for å få prosjektet på plass. Det er me veldig glade for å kunna vera med på, for me er sikre på at dette vil gi folk som bur her og andre som kjem hit flotte nye moglegheiter til å ta seg ut i naturen, både på korte og lange turar.

Nye Bryne Vidaregåande skule blir tatt i bruk og skal opnast i år. Time kommune har vore ein sterk pådrivar for å få skulen på plass, og me gleder oss over at både elevar og lærarar har fått nye, gode lærings- og arbeidsomgjevnader. Det er også kjekt at grøntdraget rundt skulen vert slik ein fin park som publikum i byen kan ta i bruk.

2014 var eit jubileumsår. Me feira den norske grunnlova med fleire jubileumsarrangement her i Time. Me hadde også jubileumsarrangement for Storstova som vart 50 år, og me hadde byfest i samband med Fritz Røed skulpturpark sitt 10-årsjubileum.

Arrangement og feiringar gjev oss felles opplevingar og er viktige når kommunen veks. Jærdagen og Jærnåttå og Potetfestivalen er godt etablerte festivalar i Bryne sentrum og etter kvart har Livsgledefestivalen også blitt ein tradisjon me har saman. Dette gjev oss også høve til å ta i bruk byen, parkar og område som kommunen har å by på og å vera ute og treffa kvarandre.

Bryne veks, og dei andre tettstadene i kommunen veks også. Det at me får fleire innbyggjarar betyr at me må vera gode til å planleggja slik at tilbod og tenester er gode og tilstrekkelege også i framtida. I år avsluttar me arbeidet med sentrumsplan for Bryne, men me er også i gang med å laga ny samfunnsdel i kommuneplanen, den overordna planen i kommunen. Her skal me leggja føringar for korleis heile Time-samfunnet skal utvikla seg, og det er viktig at alle som vil vera med på det, kjem med innspel og meiningar som me kan ta med i planlegginga.

Det er mykje me ikkje veit om framtida, og me er i gang med ein stor kommunereform, der alle kommunane har fått i oppdrag av regjeringa å vurdera samanslåing med nabokommunar. Før sommaren 2016 må Time ta stilling til om det er aktuelt å slå seg saman med nokon. Dette skjer etter at innbyggarane har uttalt seg i ei høyring eller folkerøysting. Me i jærkommunane vil at så mange innbyggjarar som råd skal meina noko om denne reforma, og me kjem ut både med informasjon og tema som kan engasjera til debatt etter kvart.

I året som kjem ser me fram til å opna det nye, store omsorgssenteret vårt. Me har allereie opna barnebustadene, og snart opnar me både helsestasjon, dagsenter og omsorgsbustader i vakre omgjevnader ved Stemmen på Kvernaland.

Idrettsbarnehagen på Vestly er også ferdig og tatt i bruk og klar til offisiell opning no i januar. Dette er eit spennande nytt tilbod i kommunen, som har plass til 180 barn som kan nytta seg av ekstra stort uteområde og gymsal.

I perioden framover skal me både bygga nye skular og gjera nokre av barnehagane våre større, slik at me har rom til å ta imot alle dei borna som bur i kommunen også i framtida.

Også i år har eg lyst til å peika særskilt på den innsatsen dei frivillige organisasjonane i kommunen gjer. Det vert lagt ned atskillege arbeidstimar frivillig arbeid kvart år, og det er både til glede og nytte for alle oss som bur her. Ikkje minst er det viktig for barn og unge at det er god breidde og engasjement i organisasjonane våre.

Me har framragande utøvarar i Time innan mange kategoriar. Nokre vert heidra her i dag. Me er veldig stolte av dykk, og set stor pris på at de representerer heimkommunen på ein god måte innan dykkar område.

Kommunestyret har vedtatt eit budsjett for 2015 som legg vekt på førebygging og tidleg innsats, og å møta veksten og nye behov gjennom satsing på innovasjon. Kommunen har ein trygg og sunn økonomi, sjølv om me som alle andre kommunar må prioritera mellom tenester og tiltak som kan styrkjast og gjennomførast. Målet vårt er å prioritera godt slik at me kan gi trygge og framtidsretta tenester til alle innbyggjarar.

Eg vil ønskja alle eit godt, trygt, innhaldsrikt og framgangsrikt år 2015.