Hopp til innhold

Nyttårsaftan - eit hundemareritt

– Når panikken tar hunden kan du rekna med øydelagde inventar og dører, i tillegg til avføring og oppkast. Her får du råd om korleis du skal gjera nyttårsaftan best mogleg for hunden din.

Hund

Ikkje alle hundar er like begeistra for fyrverkeriet på nyttårsaftan.

Foto: /colourbox.com / /colourbox.com

Rakett

30 % av alle hundar reagerar i større eller mindre grad på fyrverkeri ifølgje NKK.

Foto: Thomassen, Christian / Scanpix

Når hundane høyrer smell og brak frå stader den ikkje veit kor er kan det vera ei svært stor påkjenning for den.

  • Kva gjer du for å halda hunden din roleg nyttårsaftan? Kom med tips i kommentarfeltet nedanfor.

Gode råd

– Dyra forstår ikkje kva som føregår og mange er svært redde for nyttårsrakettar. Hvis du bur i tettbygd strøk bør du ikkje la hunden din vera aleine heime på nyttårsaftan, skriv Landbruks og matdepartementet i ei pressemelding.

Heldigvis finnes det fleire ting ein kan gjera. Kennelklubben har utarbeida fleire gode råd.

I lista nedst i artikkelen får du Norsk Kennel Klub (NKK) sine tips til kva ein kan gjera på sjølve nyttårsaftan, men dei understrekar på heimesidene sine at det også finnes tiltak for hunden din som du må byrja på lenge før sjølve kvelden.

Mat og mosjon

Det første, viktigaste og kanskje enklaste tipset er tips nummer ein. Dette går på at hunden skal vera trøytt og mett når kvelden kjem. Det får ein til om ein går tur med hunden på dagen og passar på at den et godt med mat etterpå.

– Ein trøytt og mett hund vil vera rolegare enn ein svolten og utkvilt hund, opplyser NKK på heimesidene sine.

Dei skriv også at kor redd hundane blir på nyttårsaftan varierar frå hund til hund, men omlag 30 % av alle hundar reagerar i større eller mindre grad når smella kjem.

Allereie utvikla fobi

Nokon hundar blir verkeleg redde og piper, pesar, tar halen godt mellom beina og
kryp saman. Andre får fobiske reaksjonar som varer lenge etter at fyrverkeriet for lengst er over.

– Dersom hunden din allereie har utvikla fobi for fyrverkeri finnes det to moglegheiter. Ein kan setja i gang behandling som er tidkrevjande, eller ein kan følgja kennelklubben sine råd å skjerma hunden nyttårsaftan opplyser kennelklubben.

Mykje ligg an til at det kan bli ei kaotisk nyttårsaftan i store delar av Sør-Norge i år, derfor kan det kanskje vera lurt å passa ekstra godt på hunden sin.