Hopp til innhold

Nytt tap for SIF

SIF sin dårlege form held fram. I dag blei det tap borte mot Hønefoss.

Rolf Magne Olsen
Foto: Eirik Waage / NRK

SIF har fått ein tøff sesong i førstedivisjon etter opprykket i fjor. Laget ligg no nest sist på tabellen etter tapet for Hønefoss i dag.

Alt etter 12 minutt scora Umaru Bangura for Hønefoss. I løpet av to minutt i andre omgang punkterte Hønefoss kampen.

Etter 54 minutt scora Leo Olsen, og berre to minutt seinare var same mann frampå igjen.

Eit lyspunkt for SIF var reduseringa til Fredrik Norberg etter 78 minutt. Det var det første målet av ein SIF-spelar på svært lenge.

Laget har no begge beina godt planta under nedrykksstreken, og har fem poeng opp til sikker plass.