Hopp til innhold

Nytt supermeieri tapar millionar

Godt over eitt år etter opning klarar ikkje Tine sitt nye meieri å produsera like mykje kvitost som planlagt. No truar store dagbøter.

Kviamarka

Det nye meieriet til Tine på Kviamarka klarar framleis ikkje å produsera så mykje kvitost som planlagt. Det har kosta Tine fleire millionar kroner.

Foto: Ingvill Bjorland

Produksjonen av margarin og myse er i full gong. Men Tine sitt nye, og topp moderne meieri til 1,6 milliardar i Kviamarka ved Nærbø, klarar framleis ikkje å produsera nok kvitost. Dette har kosta meieriet fleire millionar kroner.

– Me må nok innsjå at me var for optimistiske med planane som lå til grunn då meieriet opna, sier direktør for faste produkt i Tine, Kjetil Thu.

Fylkesmannen truar med store bøter

Kjetil Thu

Direktør for faste produkt i Tine, Kjetil Thu, håpar at produksjonen av kvitost er i gong før nyttår. Han tør likevel ikkje love noko.

Foto: Ingvill Bjorland

Thu fortel at det er fleire grunnar til at kvitosten er forsinka.

– Det eine er å få eit stort, nytt anlegg heilt ferdig. Det andre er at me jobbar med ein biologisk produksjon, eit levande materiale. Osten skal lagrast i fleire veker, og dette tek tid før me har full kontroll og kan sikra kvaliteten, seier han.

Sjå TV-reportasjen: Opna Noregs største meieri på Kviamarka

Kvitosten vert derfor produsert i det gamle meieriet på Nærbø. Eit meieri som eigentleg skulle vore lagt ned på grunn av innsparingar.

Fylkesmannen har forlenga utsleppsløyve ved det gamle meieriet, men ved årskiftet er det slutt på denne avtalen. Dersom Tine fortsatt ikkje kan produsera kvitosten som planlagt på Kviamarka, risikerer selskapet store dagbøter.

Veit ikkje når produksjonen kjem i gong

– Me ser at Tine har større utslipp enn det som er forventa, seier assisterande fylkesmiljøvernsjef hos Fylkesmannen, Marit Sundsvik Bendiksen.

– Dersom Tine ikkje legg ned produksjonen på Nærbø etter nyttår, då vil dette kunne seiast å vere ei ulovleg handling. Me har ikkje tatt stilling til kva vi vil gjere dersom dette skjer, fortsett Bendiksen.

Ho varslar at Fylkesmannen kjem til å følgje nøye med på kva som skjer både på Nærbø, og på Kviamarka. Bendiksen ynskjer ikkje fleire store utslepp, men Tine kan ikkje lova at produksjonen av kvitost er i gong ved Kviamarka etter nyttår.

– Eg vil ikkje spekulere i nokre datoar før me veit meir om når me kan trappe opp produksjonen, seier Thu.

(Artikkelen fortset under biletet)

Kviamarka

Store dagbøter frå Fylkesmannen trugar Tine på Jæren.

Foto: Ingvill Bjorland

Varslar besøk

Både IVAR og Hå kommune følgjer også godt med på kva som skjer på det nye meieriet. No vil også Fylkesmannen ut på vitjing.

– Eg vil ut for å sjå på kva som skjer på Kviamarka, og få ei grundig forklaring på kvifor produksjonen er forsinka. Dette vil eg gjere i slutten av oktober, begynnelsen av november, seier Bendiksen.

Produserer for halv maskin

På grunn av dei store forsinkingane er kvitostproduksjonen nesten halvert. Milliardmeieriet produserer kun 60 prosent av kvitosten den kunne produsert, dersom alt fungerte på Kviamarka.

No jobbar Tine hardt for å komme i mål før nyttår.

– Me sett inn store ressursar for å få anlegget ferdig før 2014, seier Thu.