Hopp til innhold

Nytt sjukehus kan glippa for Stavanger

Helseminister Bent Høie ber lokalpolitikarane i Stavanger om å tenka seg godt om før dei «stikk kjeppar i hjulet for sjukehussaka». Prosessen, som dei nå har sett i gang, kan føra til at eit nytt sjukehus hamnar utanfor Stavanger, åtvarar han.

Bent Høie

NYTT SJUKEHUS I STAVANGER: I januar bestemte Bent Høie at det nye sjukehuset i Stavanger skal ligga på Ullandhaug. Nå truger eit fleirtal i bystyret om å ikkje godkjenna reguleringsplanen, dersom staten kjem med klare svar på kva Ullandhaug-alternativet vil kosta, og kven som skal ta rekninga.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Viss kommunen, som skal vera vertskap for nytt sjukehus, ikkje vil samarbeida, så står styret i Helse Vest fritt til å ta opp diskusjonen på ny, og då er det ikkje sikkert at det er alternativ i Stavanger dei vil sjå på, seier helseminister Bent Høie (H).

Kari Nessa Nordtun

DEL AV FLEIRTALET: Kari Nessa Nordtun (Ap) er ein del av fleirtalet i Stavanger bystyre, som ikkje vil godkjenna reguleringsplanen dersom dei ikkje får svara dei vil ha om nytt sjukehus på Våland.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Ei melding som har klar adresse til politikarane i Stavanger kommune, som i går gjekk ut og sa at dei kan vera villige til å setja eit nytt sjukehus på vent med hjelp av reguleringsplanen.

Står på sitt

For sjølv om helseministeren allereie har bestemt at sjukehuset skal ligga på Ullandhaug i Stavanger, så er helseføretaket avhengig av at Stavanger kommune omregulerer området før dei kan gå vidare med planane sine.

Det seier eit fleirtal i bystyret, som er partia Ap, Frp, FNB, MDG, SV, Sp og Pp, at dei ikkje vil gjera, dersom dei ikkje får ei avklaring rundt kva eit tilfredsstillande veg- og kollektivnett rundt sjukehuset vil kosta, og kven som skal betala dette.

Kari Nessa Nordtun frå Ap seier at dei vil stå på sitt, sjølv om det kan forseinka utbyggingsprosessen.

– Det er det verdt. Dette sjukehuset skal stå i mange tiår. Lenge etter me er vekke. Då er det viktig at det er bygd for heile byen og at det fører til låge utslepp, seier Nessa Nordtun frå Ap.

– Også om det skulle føra til at sjukehuset hamnar i til dømes Sandnes?

– Me har ei plikt til å kjempa for byens beste, sjølv om Høgre og Høie trugar med omkamp.

Ullandhaugtomta, SUS

ULLANDHAUG: Nå fryktar lokalpolitikarane at det er innbyggarane i kommunen som må ta rekninga for kostnadane som vil koma for å få eit tilfredsstillande kollektiv- og vegnett til det nye sjukehuset på denne tomta på Ullandhaug.

Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger

– Håper dei tenker seg om

Bent Høie understrekar at bystyret har gjort vedtak om å legga til rette for framdrifta til nytt sjukehus under høyringsrunden, og at han håper dei vil halda fast ved dette.

– Vil de koma med eit klart svar på kva infrastrukturen rundt sjukehuset vil kosta og kven som skal betala?

– Helse Vest og Helse Stavanger vil bygga sjukehuset. Så vil det vera ein dialog med kommunen og reguleringsstyresmaktene om dei andre forholda, og det er det Helse Vest og Helse Stavanger som har ansvar for.

– Så svaret er altså nei?

– Viss ein ønsker å bidra positivt til reguleringsplanarbeid og delta som ein positiv medspelar til Helse Stavanger og Helse Vest så vil alle spørsmål bli svarte på i prosessen, seier han.

Han minner også om at det finst fleire dømer i sjukehus-Norge på byggesaker som har blitt utsette i fleire år på grunn av lokal usemje.

– Det går utover pasientar fordi ein til slutt har sjukehusbygg som ikkje er egna til formålet. Så eg håper verkeleg at ein her tenker seg om før ein set i gang slike typar prosessar.

– Eg opplever at noko av argumentasjonen her er å stikka kjeppar i hjula for å prøva å hindra utvikling, avsluttar han.

Sjå TV-saka om sjukehuskrangelen:

diskusjon i rådhuset, møterom

Sjukehusdebatten skapar temperament i rådhuset i Stavanger. Her står ordførar Christine Sagen Helgø i ein oppheita diskusjon med Kari Nessa Nordtun (Ap) og Torfinn Ingeborgrud (MDG). (Reporter: Mari Friestad / Foto og redigering: Eirik Gjesdal)

Her fortel sjukehusdirektør og styremedlem i Helse Vest, Terje Vareberg, kva han meiner om saka.

Styreleiar i Helse Vest, Terje Vareberg, blir intervjua om sjukehusstriden av programleiar Magnus Stokka.