Nytt ras på riksveg 13

I dag tidleg gjekk nok eit ras på riksveg 13 i Suldal, denne gongen mellom Suldalsosen og Nesflaten, ifølgje Suldalsposten. Ti steinar blei liggande i vegbana. Ifølgje avisa gjekk det ras same stad både i 2013 og 2014.