NRK Meny

Nytt ransforsøk på Hundvåg

Ein person har natt til søndag blitt utsett for eit ransforsøk på Hundvåg i Stavanger, berre eitt døgn etter at to personar blei brutalt rana med 40 minuttars mellomrom. Ranaren sa han ville ha lommebok og mobiltelefon, men den fornærma forsvarte seg og ranaren forsvann frå staden. Politiet har søkt etter gjerningsmannen utan hell.