Hopp til innhold

Bygger eksklusivt Porsche-senter på Forus

Rogalendingane elskar eksklusive biler. No får Forus Nord-Europas første toppmoderne Porsche-senter.

Porsche-senter på Forus

Slik skal det nye Porsche-senteret på Forus sjå ut når det er ferdig.

Foto: Porsche Center Stavanger

– Det er i Tyskland at dei bestem korleis desse bygga skal byggast. Dei har bestemt alle elementa både på utvendig fasade og design av sjølve bygget. Samt alle detaljar heilt ned til størrelse og farge på golvfliser, seier salssjef ved Porsche center i Stavanger, Roy Klungtvedt.

Han viser stolt fram teikningane av det som skal blir Nord-Europas flottaste Porsche-senter. Gravinga er allereie i gong på Forus, og på nyåret opnar nybygget med klassisk Porsche-fasade.

Roy Klungtvedt

Roy Klungtvedt på staden der det nye Porsche-senteret skal byggast.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Me gler oss veldig til det. For oss er det fantastisk å kunne tilby kundane eit kjempeflott senter der me kan gi ein super service. Det blir nok meir som eit reint opplevingssenter enn ein vanleg bilbutikk, seier Klungtvedt.

Salet av Porschar har eksplodert

For ti år sidan vakte det oppsikt når ein Porsche trilla rundt på rogalandsvegane. I dag er den ekslusive bilen eit ganske vanleg syn, og mange kaller oljerike Stavanger, "Noregs Porsche-hovudstad". Salet har økt jamt og trutt dei siste årene fortel Klungtvedt.

– I år så satser me på at me kjem til å selge hundre nye og hundre brukte. I 2006, då me starta, var det om lag åtte til ti bilar som vart selde.

– Er det slik at Porsche ikkje lenger er så eksklusivt?

– Jo, totalt i Stavanger-distriktet så er det i år registrert om lag 4800 biler, av desse er 33 Porsche-bilar. Så det er ikkje ein bil som er overalt, seier salssjefen.

Forventar auka sal

Men fleire Porschar vil truleg trille på Rogalandsvegane i åra som kjem. For når det tre etasjar høge senteret opnar på Forus er det noko heilt anna enn dagens litt beskjedne butikklokale.

– I dag har me kanskje rundt 700 kvadratmeter totalt. Det nye bygget vil vera på om lag 4000 kvadratmeter, seier salssjefen.

– Kva vil det innehalde?

– Det blir masse flotte nye bilar. Me får verkstad, delelager, og me får eigen heis. Då kan me transportera bilane tørt innandørs, og her med vestlandsklimaet så vil det absolutt vera ein fordel, avsluttar Klungtvedt.