Nytt politisk samarbeid i fylket

Fleirtalet i fylket innstiller Ole Ueland (H) som ny leiar av samferdsleutvalet etter Alexander Rügert-Raustein (MDG).

Bakgrunnen er at den politiske samarbeidssituasjonen i fylket har enda seg. Høgre blir med i budsjettsamarbeid med Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Også i regional-, kultur- og næringsutvalet blir det foreslått endring. Her kan Sandra Christin Skarholm (Sp) erstatte Susanne Heart (MDG) som nestleiar.

Endringane blir ein sak i møtet i fylkesutvalet på tysdag.

Flere nyheter fra Rogaland