Hopp til innhold

Nytt oljefunn for Statoil

Statoil har funne olje utanfor Newfoundland. – Dette er svært oppmuntrande for området, seier leitesjef for Statoil i Nord-Amerika, Erik Finnstrom.

Newfoundland

Statoil er medeigar i fleire leiteområde utanfor den canadiske øya Newfoundland. Det nye oljefunnet er gjort i Flemish Pass-bassenget.

Foto: Statoil

Statoil har funne olje under boringa av Harpoon-prospektet, som ligg omkring 500 kilometer nordaust for St. John's der Statoil har sitt kontor på Newfoundland i Canada. Det skriv oljeselskapet i ei pressemelding i dag.

– Det er framleis for tidleg å fastslå potensialet for feltet, men dette er svært oppmuntrande for området, og spesielt for Bay du Nord-brønnen, som er planlagt seinare i år, seier Erik Finnstrom, direktør for leiting i Nord-Amerika.

Han opplyser om at Statoil nå skal gjera fleire avgrensingsboringar i området.

– Me vil halda fram med å bygga opp dette området som eit kjerneområde for leiting i Statoil, seier Finnstrom.

Statoil er operatør for Harpoon med 65 prosents eigardel. Husky Energy er partner med 35 prosents eigardel i lisensen.

Les òg: