Hopp til innhold

Nytt luseproblem i barnehage

Luseproblemet i Tyrihans barnehage i Stavanger er av det uvanlege slaget. Det har ført til at kleda til ungane blir øydelagde.

LUSEFARE HOS TYRIHANS BARNEHAGE

Lilly, Elise og Linnea i Tyrihans barnehage i Stavanger har teikna bladlusa.

– Eg synest det er ekkelt. Og eg vil ikkje ha det på klernå! Dette seier Lilly Eide i Tyrihans barnehage i Stavanger.

Ho står og kikkar inn på eit avstengt skog- og krattområde i barnehagen. Ein ukjent luseart har slått seg til i skogen i store mengder denne hausten.

Barkelus i skogen i Tyrihans barnehage på Mariero i Stavanger

Bladlus i skogen i Tyrihans barnehage på Mariero i Stavanger.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

Store mengder veps

– Det første me oppdaga her i sommar var at det var veldig mykje veps i ein del av skogen på området vårt. Og for nokre veker sidan såg me at det var nokre ukjente vesen som krøyp rundt på greinene.

Bladlusa står tett i tett på tre og buskar inne på barnehageområdet

Bladlusa står tett i tett på tre og buskar inne på barnehageområdet.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

Lillian Jensen Hein, pedagogisk leiar i Tyrihans barnehage på Mariero i Stavanger, fortel om det dei etter kvart har forstått er store lus, som heldt til på barnehageområdet.

– Eg trur ikkje det er bladlus, men kanskje heller barklus. Dei likar seg i alle fall på barken på trea, seier Jensen Hein.

Les også: Mener foreldrene stresser barna med organisert lek

Øydelegg kleda til ungane

Problemet for barnehageleiinga er at ungane er glade i å klatra i trea, og når dei gjer det så kjem dei borti lusa og då tyt det ut eit fargestoff.

– Det ser ut som blodflekkar på kleda og flekkane går ikkje av i vask, fortel Jensen Hein.

Så ho har fått spørsmål frå foreldra om noko kan gjerast med luseplaga.

Veit ikkje kva type lus det er

– Eg klarer ikkje å seie kva art det er, slik på ståande fot. Det seier Ørjan Simonsen, som er insektekspert hos Fylkesmannen i Rogaland.

Ørjan Simonsen, insektekspert hos Fylkesmannen i Rogaland

Truleg er det ein type bladlus. Det trur Ørjan Simonsen, som er insektekspert hos Fylkesmannen i Rogaland.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

Men han er rimeleg sikker på at det er snakk om ein luseart.

– Det at tøyet blir farga raudt, det er vanleg blant desse bladlusa, seier Simonsen.

Les også: – Verre at barn ikke er i aktivitet enn at de skader seg

Han seier at det er vanleg med bladlus også så seint på hausten som nå. Likevel så reknar han med at dei kalde nettene kjem til å ta knekken på lusa i løpet av vinteren.

– Men dei er store, det er sikkert og visst, avsluttar Simonsen.