Hopp til innhold

Nytt fruktpakkeri skal få fleire til å satsa

Fruktprodusentane i Ryfylke reknar med å tredobla fruktproduksjonen innan få år. Derfor blir det nye fruktpakkeriet, som i desse dagar er under oppføring i Årdal, viktig.

Kleppa og Helgøy

Øystein. T Kleppa og Kristen Helgøy på den 10 mål store tomta i Årdal kor det nå skal byggast nytt fruktpakkeri.

Foto: Magnus Stokka

Det er mindre enn eitt år sidan fruktdyrkarane i Ryfylke bestemte seg for å bygga eit 2000 kvadratmeter stort fruktpakkeri i Årdal i Hjelmeland.

Alt nå er arbeidet med tomta godt i gang og neste veke startar arbeidet med ringmuren. I midten av juli opnar pakkeriet dørene.

– Dette gjer me fordi me vekst ut av pakkeriet me har brukt dei siste 20 åra. Me har lyst til å ha pakkeriet nærmare produsentane, fortel ein stolt styreleiar i det nystarta samvirke Ryfylkefrukt, eigd av fruktprodusentar i Rogaland, Øystein T. Kleppa.

Fruktdyrking på Helgøy i Ryfylke

I sommer blomsta det på Helgøy i Ryfylke. De satser på at årets sesong vert enda betre.

Foto: Kees Fjellvang/NRK

Får kortare veg

16 millionar kroner er prislappen på det nye fruktpakkeriet i Årdal som skal ta imot eple, pærer og plommer frå ryfylkegardane. Herfrå blir frukta kjøpt av Coop, før den til slutt hamnar i butikkane. Både fruktprodusentane sjølve og lokale krefter går inn som deleigarar.

– Me får ein kortare veg med det ny pakkeriet. Fram til i dag har me blant anna pakka plommene våre heime fordi vegen til pakkeriet i Rennesøy har vore for lang. Dette pakkeriet vil letta produksjonen og me får betre kontroll, meiner Kleppa.

Skisser fruktpakkeri

Øystein. T Kleppa og Kristen Helgøy viser fram teikningane av det nye fruktpakkeriet.

Foto: Magnus Stokka

Samvirke Ryfylkefrukt trur dei kan tredobla fruktproduksjonen i Ryfylke innan få år frå dagens produksjon på 300 tonn i året. Ein ny dyrkingsmetode i tillegg til fleire nye produsentar er forklaringa på det.

Då blir det nye lageret viktig for produsentar som Kristen Helgøy.

– Dette har eg tru på og dette er med på å setja krona på verket på det me har sett i gang med. Det er sikkert mange som synst me er galne med alt me har planta, men eit nytt pakkeri vil gjera mykje i det totale bilde.

Skaper arbeidsplassar

Fruktprodusenten på øya Helgøy i Ryfylke trur også pakkeriet kan få dei som «sit på fruktgjerdet», og ennå ikkje har bestemt seg for å satsa på frukt, til å landa på å planta eple- og plommetre.

Nå er fruktsamvirke i Ryfylke på jakt etter ein dagleg leiar, i tillegg vil det vera behov for 6 - 10 sesongarbeidarar på pakkeriet i Årdal frå august til ut november.

– Tar Ryfylke med dette opp kampen med Hardanger om å vera landets fruktdistrikt?

– Nei, me tar ikkje opp kampen. Me jobbar heller saman. Det trur eg me har mykje meir igjen for, slår Helgøy fast.

Fruktbonde viser fram garden sin, epletre og moreller. FRA RUBRIKKTEKST: Nye dyrkingmetoder for frukt skal løfte Ryfylke som fruktprodusent. Penger fra Innovasjon Norge og Fylkesmannen deles nå ut for at bøndene skal kunne legge om produksjonen og øke volumet.

ARKIV (17.07.2016): Bøndene Kristen og Geirmund Helgøy har investert millionar på omlegging. De håper at nysatsingen skal bære frukter og inspirere flere til oppstart.