Hopp til innhold

Nytt finalehåp for Oilers

Oilers vann fredag kveld den sjette semifinalen mot Stjernen med 4-2, og dermed er det ennå liv i draumen om hockeyfinale i Stavanger.

Stjernen leia 2-0 før Stavanger Oilers våkna i andre periode og gjekk opp i 3-2, eit resultat som vart ståande heilt fram til 40 sekund før slutt då Fredrik Sundin kunne setta pucken i ope mål etter at Stjernen tok ut sin keeper.

 

- Det var jo åpent bur frå blålinja, så eg får takka Andreas Petterson som fram ein pasning til meg, seier Sundin. Han er no optimist med tanke på den avgjerande semifinalen. Den vert spelt i Fredrikstad søndag.

Men skal Oilers vinna i Fredrikstad må dei spela betre frå start enn dei gjorde fredag kveld.

 

- Første perioden var heilt tragisk, då skjønar eg ikkje kva vi driv med, men vi tok tak i det i garderoben i pausen, seier Christian Dahl Andersen.

 

Og Oilers-trenar Gunnar Johansson er klar til ta i alle lovlege middel, og nokon til, for å vinna på søndag.

- Vi skal vinna den kampen til kva pris som helst. Det er motstandaren klar til å gjera, då må vi vera det også. No får dei spela ein sjuande og avgjerande kamp, det er jo betre enn å få sju rette i lotto, seier Johansson.

 

2044 tilskodarar såg i går Fredrik Sundin laga to mål, medan Andreas Petterson og Jari Kesti laga kvar sitt.