Hopp til innhold

Nytt festdop tar unge liv

Det minnar om amfetamin men er langt meir giftig. Sidan i sommar har det nye festdopet PMMA kosta seks unge menneskjeliv her til lands.

Kokain.

Det nye festdopet blir teke i pulverform og pilleform. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Colourbox.no

– Den største faren med det nye festdopet PMMA er at mange trur det er amfetamin, og sidan PMMA fungerer seinare enn amfetamin kan folk ta alt for mykje av stoffet, seier politioverbetjent Jan Geir Hessen, ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Den seine effekten gjer at nokon kan ta opp til tre gonger så mykje som dei vanlegvis ville gjort, og dermed blir faren for overdose stor.

Svært giftig

Dødsdopet liknar på både amfetamin og ecstacy, men er langt meir giftig. Berre sidan i sommar har dopet teke seks unge menneskjeliv i Norge.

Både politiet og folkehelseinstituttet fryktar at det vil koma fleire dødsfall:

– Sjølve forgiftinga kan arta seg som krampar, hjartebank og hallusinasjonar. Dødsfall kan koma som følgje av hjarteinfarkt, seier avdelingsdirektør Liliana Bachs i Folkehelseinstituttet.

PMMA-piller beslaglagt i USA

PMMA-piller politiet har teke frå brukarar i USA.

Foto: Justisdepartementet i USA/Wikipedia

Finnes i alle miljø

Politiet i Haugesund har i haust gjort større funn av det narkotiske stoffet, og det viser seg at det bli selt som amfetamin og ectacy.

– Dette er urovekkjande sidan det er langt meir giftig og fører ofte til alvorlege forgiftingar og dødsfall, seier Bachs.

Det finnes ikkje sikre tal på kor utbreidd PMMA er, men politiet reknar med at det finnes i dei fleste miljø.

– Me finn jo narkotika i alle miljø nå om dagen, ikkje berre i dei tradisjonelle brukarmiljøet som me såg før. Narkotika har krype inn i dei fleste miljø, også såkalla festmiljø, seier Hessen

Video Liliane Bachs

Folkehelseinstituttet er uroa.